Å skape ein stad – Rødtvetfestivalen 2018

by KOTE in


Alle som interesserer seg for byutvikling, følgjer tidsstraumen, digger hip hop, og bryr seg. Dei vender blikket mot Groruddalen.

Rødtvetfestivalen finn stad på Rødtvet skule. Festivalen er for bebuarane. For dei i blokkene og dei i husa, dei mot marka og dei over riksvegen.

Tekst: Anna Rosa Strassegger, arkitekt

I løpet av ein ettermiddag fekk Rødtvet feire sin eigen festival. Ein stad å vera frå. «Områdeidentitet». På lik linje med Stovner, Romsås, Grorud, Rommen, Ammerud og Haugenstua. Desse namna som ikkje alltid har hatt det beste ryktet, men der sønene rappar kulast, og døtrene skriv romanane me ventar på, med attityde og omslag i leopardpelsmønster.  

Rødtvetfestivalen

Men Rødtvet. Drabantby eller forstad. Eit lite byggjefelt langs Vestli-banen. Ei blokk eller fire, og noko industri. Kanskje ikkje så kjipt at det blir hippt. Så kriseramma at det egnar seg til områdeløft, med morosame workshops og utprøvingar. Likevel Groruddalen. Alt det der. Rødtvet har fått ein heilt eigen festival! Betre enn den største stålampa i verda, vil enkelte seie.  

Kartet viser også riksvegen og t-banen som åler seg gjennom området. Skulevegen til halvparten av elevane går under riksvegen og langs industrien som fyllar opp dumpa mellom blokkene og riksvegen. Strekninga kan minne om ein elefantstall. To paralle…

Kartet viser også riksvegen og t-banen som åler seg gjennom området. Skulevegen til halvparten av elevane går under riksvegen og langs industrien som fyllar opp dumpa mellom blokkene og riksvegen. Strekninga kan minne om ein elefantstall. To parallelle rekker med store lastebiler som kviler seg mot smale fortau på kvar sin flanke av vegen. Det er ikkje personbilar å sjå.

Intiativet kjem frå ein arkitektstudent som starta masteroppgåva i august. Ho innsåg at festival var det som måtte til, og så kom den i stand på seks vekers varsel. 20. oktober. Studenten heitar Maria Årthun. Ho delar æra for gjennomføringa med kusina Lene Wiborg og ein heil bøling andre rødtvetingar. Ifølge ho. Det gjer det heile interessant. For det er ein eigen innfallsvinkel til  byutvikling som ikkje er så kjent i dette landet. Meir om det etterpå.

Young Guns, lys og Hjertespråk
Fyrst ein liten introduksjon til festivalprogrammet. Festivalen var delt i to deler. Fyrste del bestod av fagleg innhald: ei rekke miniforedrag med fokus på å sjå, verdsette og å ta vare på barn og unge i nærmiljøet. Frankeh Yaya Colley frå Brave-prosjektet snakka om kor viktig det er med fritidsaktivitetar. Michael Ali, tidlegare gjengmedlem i Young Guns, snakka om korleis ein kan jobbe førebyggjande.  

I tillegg til å skape stadsidentitet, var målet å gje påfyll med kunnskap om barn og oppvekstmiljø til dei som ikkje ellers har tid til å dra avgarde på foredrag.

Samstundes med foredraga vart det arrangert ei rekke aktivitetar for barna. Kurs i trafikktryggleik, fargelegging, dans med maskotten «Lyset», øve på BlimE-dansen og synge «Hjertespråk» med ei ekte MGP jr-stjerne: Solmaz. Det var òg idémyldring kring fritidsklubben Stedda og lykteverkstad til kvelden si avsluttande lysvandring.

Etter dette flytta festivalen ut i skulegarden, der det var sett opp scene. Underhaldninga starta. Det vart servert mat til inntekt for TV-aksjonen. Ved sida av matserveringa var det ein eigen seksjon for områdekartleggjing. Kart og verktøy for å la folk markere kva dei likte, mislikte og kunne tenke seg i området. Initiativtakarane Maria Årthun frå AHO og Lene Karin Wiberg frå Rødtvet FAU styrte showet på scenen og heldt appellar.

Festivalområdet ute var markert og avgrensa av farga lys frå ei rekke lyskastarar. Særleg i slutten av skumringa så medførte dette ei fortryllande stemning, der skulegarden sakte forandra seg frå ei allminneleg asfaltflate mellom nokre hus til mindre og meir flytande romlege lysboblar utan klare grenser.

Jan Bøhler song sin hyllest til Groruddalen. All den tid han kan framstå som ukrona konge av kleine politikarar «som prøver å nå ungdommen på deira eigen arena», så er hans forsøk på rap og yo! fundert i noko som framstår som eit så genuint engasjement, konsekvent over såpass mange år, at det likevel funkar på sitt vis. Det spreier glede. Den kronisk norske varaordførar Kamzy haldt ein appell. Og så var det meir. 

Eg kjende ikkje att eit einaste av dei ellers vande fjesa, som ein kan møte på i andre urbane medverknadsarrangement i byen. Urbanistane var ikkje der. Heldigvis.

Festivalen vart avslutta med ei lysvandring i nærområdet. Ifølge Maria Årthun for å ta i bruk gatene på ein ny måte og tilretteleggje for den tilfeldige småpraten mellom folk, møta som gjer naboskapskjensle og samhald. Eit strålande fyrverki sette punktum, og alle kunne trekke heim i varmen, og få borna i seng.

 Ei søt forteljing, ikkje sant?  

Tema er dei unge. Korleis sjå barna, og å gjere Rødtvet til å bli ein god plass å bu og vekse opp.

Dei imaginære laga i byen

Dette er ikkje fyrste gong mellombelse hendingar spelar ei avgjerande rolle i byutvikling. Særleg gode er slike til å skape nye delte førestillingar, og å inkludere og forhandle om eigarskap. Ein treng ingen kraftige maskinar, mektige overstrukturar eller mykje kapital frå store aktørar, for å få i gang noko. Ein kan få tilført nye lag av historier, møter og minner, som endrar staden mentalt. Det kan bli som når ein forelskar seg. Plutseleg er den gråe nøytrale konturen blitt eit menneske, eller dét mennesket, og då bryr ein seg på ein heilt annan måte. Òg det motsette kan skje, eller forteiknet kan skifta. Det har stor påverknad på livet der. Her.

Rødtvetfestivalen ser ut til å vera lokal, fundert i menneska på staden. Eg kjende ikkje att eit einaste av dei ellers vande fjesa, som ein kan møte på i andre urbane medverknadsarrangement i byen. Nokre av dalen sine politikarar var invitert, men urbanistane var ikkje der. Heldigvis.

Eg var der, men invitert til å hjelpe til med logistikk. Festivalen var ikkje i hovudsak arrangert for å bli publisert i Kote. Ikkje for å gje byutviklarane i kommunen nye innspel, eller gjere Rødtvet kjent for byen. Det kjendes som det viktige var å arrangere dette for Rødtvets eigne bebuarar, av Rødtvets eigne bebuarar, deriblant initiativtakar Maria Årthun. Det stil eit viktig spørsmål ved den ordinære rollefordelinga, og kor mykje kontroll ein skal og må ha, som initiativtakar. Og kva det har å seie for faget. Kan ein få til noko nedanfrå, få til engasjement, uten å utelukkande basere seg på ei gruppe urbanisme-idealistar og ildsjeler? Kan det vara både noko som er eigd av dei mange, og likevel noko anna enn ein loppemarknad?

Som fagperson, urbanist, vera seg arkitekt eller anna, så kan ein ha perspektivet litt ovanfrå, med ein tyngre teoretisk ballast. Men ein er alltid òg eit menneske i eit gitt miljø, og der ligg det eit potensial. I det ein forstår og aksepterer at ein kun er ein del av eit større nettverk, av naboar og folk ein ser på butikken. I dette tilfellet er Rødtvet som sosial struktur. Her kan ein, kanskje, nå ut vidare betre. Det har sjølvsagt ein del fallgruver. Men det gjerne slik med det felles eigde – ein må starte ein stad, prøve ut og forhandle seg fram – det kan ikkje vera perfekt i utgangspunktet, då missar ein prosessen, eit poeng i seg sjølv. Det er ein annleis og modig innfallsvinkel til faget frå ein arkitektstudent – der studiet jo ellers tek utgangspunkt i ganske abstraherte deler av røynda.

Festivalen er ikkje heilt eintydig, det er ikkje nødvendigvis ein svakhet. Den har pedagogiske element. I tillegg til å skape stadsidentitet, var målet å gje påfyll med kunnskap om barn og oppvekstmiljø til dei som ikkje ellers har tid til å dra avgarde på foredrag. Alle dei travle foreldra som helst berre vil få hjula til å gå rundt. På festivalen var det viktigaste dei unge på Rødtvet. Mange barn veks opp her. Dette er verda deira, den fyrste, magiske. Og den andre, når magien vert erstatta med realitetar. Sjølvsagt er staden verdt å tilføre ein stolt eigenidentitet, og eit engasjement som gjer at det finnest tilbod. Det treng ikkje vera kriser før ein set i gang.

Lys og mørke kan forvandle kvardagsromma. Hendingar og efemer lysarkitektur kan sette spor i førestillingsverda. Skape delte minne.