Collage Gartnerfuglen: Andrea Ellefsen
Anna Rosa Strassegger, studerer arkitektur ved AHO og er skribent for KOTE.
Sommaren er på hell og studiekvardagen i anmarsj. Livets alvor kjem attende. Angsten. Har eg valt å bruke tida mi godt? Kjem eg til å få til det eg vil i livet? Speler eg korta mine rett? Ein er jo ikkje fri frå desse tankane i sommarferien heller. Fleire prøver å finne ein fagleg relevant sommarjobb for å kunne justere roret. Det kan vere mange om beinet. I byggjeindustrien gjeld fellesferien, og difor er det ikkje store intensiteten der på sommaren. Det same gjeld følgeleg arkitektkontora rundt om i landet. Arkitektstudentar møter difor stadig dette valet når dei skal planlegge hausten: studere vidare på staden, ta utveksling, eller finne seg ein praksisplass og ta permisjon. Vala er jamstilte, ifølge Banin Syed frå AHO, paneldeltakar i ein debatt om Arkitektpraksis på Galleri ROM tidlegare i sommar.
Det er ikkje rart. Skal du bruke fem år + av livet ditt på ei utdanning vert du nysgjerrig på kva det vil seie å jobbe utanfor skulen sine vollgravar. Kva moglegheiter har ein? Er ein førebudd godt nok? Kva er optimal kompetanse for å, la oss seie, redde verda? Er endringane i arbeidsliv, internasjonalisering og konkurranse, så hurtige at ein kjem til å stå der som svarteper i søknadsbunken om ein ikkje allereie i studietida fekk ein fot innanfor og kan kontoret sin programstruktur?
Eit initiativ som prøver å gjere det heile litt mindre mystisk og individualisert er Arkitektstudentar i Hurtigpraksis, som blant anna arrangerte den nemnde debatten på galleri ROM i sommar.
Foto: Andrea Ellefsen
Om Hurtigpraksi
Arkitektstudentar i Hurtigpraksis vart starta i 2015 som eit uavhengig initiativ. Tre studentar ved AHO kjende seg uvitande om kva arbeidslivet har å by på og starta opp ein workshop. Det resulterte i ti dagar med besøk hos eit vidt spekter av kontor og andre arbeidsplassar, slik som dei offentlege institusjonane. 30 studentar frå dei tre norske arkitektskulane fekk delta. Slik fekk dei korte glimt av arbeidskvardagen for arkitektar dei ulike stadene. Initiativet vart vidareført i år av tidlegare deltakarar. Målet er at det skal halde fram og utvikle seg etter erfaringane frå år til år.
Mål og utbytte
Å få ein gjeng studentar med ferske og skarpe blikk på dagsbesøk er ikkje kvardagskost på dei fleste kontor. Då partane i utgangspunktet ikkje er avhengige av å selje seg sjølv i denne samanhengen kan skuldrer senkast og samtalar opnast. Det er eit uttalt mål for arrangørane. Partane er jambyrdige og med gjensidig utbytte. Resultatet skal vere nye perspektiv på eigen praksis for kontora sjølve, og eit godt innblikk og meir ærleg samanlikningsgrunnlag for studentane. Slik skal det kome til ein open og meir ærleg diskusjon om praksis i faget, som korkje er heilt abstrakt og distansert, eller for oppslukt i det eine eksempelet så det får avgrensa overføringsverdi.
Debatt om arkitekten si rolle
For å bidra til å føre diskusjonen vidare og få den på dagsorden i fagmiljøet, var ein offentleg debatt om temaa som vert tekne opp i workshopen ein del av programmet. I år vart den halden på Galleri ROM, onsdag 22. juni, og KOTE var der for å få det med seg. Ordstyrar var den drevne redaktøren for Arkitektur N, Ingerid Helsing Almaas. Det var lagt opp til to panel, det første til temaet «Praksis i utdanninga», det andre til «Arkitektens rolle og samfunnsansvar».
Foto: Andrea Ellefsen
Ei rask, nokolunde kronologisk, oppsummering av diskusjonen
Det fyrste temaet ordet var styrt mot, var Hurtigpraksis og motivasjonen til å delta på opplegget for studentane og arbeidsstadene. Her kom skilnadane mellom NTNU og AHO og BAS fram, derberre NTNU har eit praksiskrav, men utan å organisere det optimalt. Avstand mellom skule og praksis var ein sentral motivasjon, og tilrettelegging for praksis eit krav frå studentar. Som motsvar diskuterte rektor ved AHO arkitekturstudiet mot profesjonsstudium, og framheva at arkitektur er eit endå større og meir akademisk fag enn at det skulle kunne reduserast berre til ein profesjon. Manglande kunnskap om moglegheiter kom som eit sentralt spørsmål i praksisdebatten. Dessutan manglande tryggleik i studiet utan den praksiserfaringa. Igjennom fleire deler av diskusjonen kom det gjennom ein utryggleik hos studentar for eiga utdanning. Kva som eigentleg er det viktige ein lærer, er ikkje heilt klart. Rektor Gustavsen kom med ei liste over dei mest sentrale ferdigheitene frå studiet: samarbeid, klar kommunikasjon, å kunne arbeide under press, kritisk sans, å kunne nytte teoretisk kunnskap praktisk. Grunnleggjar av hurtigpraksis, Ona Flindall kontra desse med å peike på at desse faga ikkje vert underviste direkte og heller ikkje alltid så godt. Ein var innom ein diskusjon om praksis kan gjere ein meir oppfinnsam og fri i faget, eller om det gjer at ein underlegg seg premiss og vert låst i ein tankegang. Ei praksisordning vil òg gjere studentar avhengig av det private næringsliv, noko som kan temme kritisk sans i studietida.
Så var det pause, men diskusjonen heldt fram blant dei ulike. Elles fann den kjente minglinga stad.
Etter pause var det duka for diskusjon av arkitekten si rolle og samfunnsansvar. Ein gjekk innom alle moglege roller ein arkitekt kan ha, så å prosjektere, fasilitere og leie prosessar, koordinere arkitektar og til å skrive, forske, analysere samfunn og stille spørsmål. Mange var einige om at det er ein manglande rollekunnskap. Nokre foreslo samarbeid som ein typisk arkitektekspertise, men dette vart slått ned av Fredericia Millers vittige anekdote om kor mykje dyktigare ein gjennomsnittleg tolvåring er til å samarbeide i forhold til gjennomsnittlege arkitektar. Likevel var det ein konsensus om at arkitekten burde vere ein tverrfagleg problemløysar og ha heilskapsansvar. Arkitektkunnskapen vart skildra som særs uhandgripeleg, men likevel særs verdifull. Respekten for denne uhandgripelege kompetansen må aukast i samfunnet utanfor. Dette førte vidare til ei påminning om at arkitekten må finne sin plass i systemet (og vise seg viktig, sjølvsagt). Hurtigpraksisgrunnleggjar Åsa Johanson meinte å sitere Lund og Slaatto med parolen «Utdann dobbelt så mange arkitektar og infiltrer alle bransjar!». Etterkvart kom ein òg inn på ansvarsfråskriving og diskusjonar om grunnverdiar i faget. Arne Riessegg Myklestad frå DARK hadde førebudd seg på å forsvare seg mot åtak mot «dei store stygge» kontora, men då desse ikkje kom på forventa vis nytta han høvet til å invitere idealistane til å kome inn i dei store kontora og endre dei innanfrå. Miller føretrekte å vere tistel framfor infiltratør, takka ho. Nye måtar å agere i bransjen på var elles eit gjennomgåande tema. Blant anna andre alternative måtar å drive kontor på, utan berøringsangst til eigedomsutvikling. Ingerid Helsing Almaas avslutta det heile med å konkludere med at det ho hadde lært mest av i faget var å stille spørsmål, på alle nivå. Det var kanskje litt det som var skjedd denne kvelden, sjølv om ikkje alle viktige spørsmål vart stilte eller diskuterte fullt ut. Almaas konkluderte med at dette ikkje er ein debatt som skal bli fullt ferdigsnakka, men som skal haldast fram vidare.
Skal ein skjøne debatten må ein merke seg: dette var ikkje ein podiedebatt. Sittestillinga fekk ei viktig rolle. Målet var å ha låg terskel for at studentane og andre skulle kunne delta, og dette vart nådd ved å sette panelet i ein indre krins med dei øvrige til stades i krinsar rundt. Det førte til at langt fleire enn paneldeltakarane tok ordet og vart involverte, og difor er og kun tema refererte, då det stadig kom til nye meiningsytrarar. På eit vis fungerte det heile som ein større samtale med mange spekter av perspektiv og ulike undertema. Nokre utsegner var meir konfronterande enn andre, men det kom aldri til eit særleg hardt ordskifte. Ein kan seie at det heile ikkje var så spissa. Ein kan òg seie at dei mest spissa debattane går glipp av fargenyansar. Eit for hardt ordskifte passar ikkje alle. Temaa heldt seg rett nok innanfor eit viss konsensusprega rom, med mykje inneforstått kunnskap. Publikummet bestod i all overvekt av folk innan arkitekturfeltet. Sjølv det eine nysgjerrige amerikanske turistparet, som stakk innom trass i at dei ikkje skjøna eit ord norsk, var nyklekte arkitektar. Det kan verke som faget framleis har ein del felles verdiar og etikk, i det minste hadde ikkje dei mest opprørske og polemiske funne vegen til galleriet den kvelden.
Debatten er som nemnt ikkje over. Ei heller er kunnskapen om arkitektfagets moglegheiter hoggen i stein. Folka som har starta og halde fram Hurtigpraksis, skal ha ros for å ha sett i gang ein diskusjon blant studentar på tvers av utdanningsinstitusjonar.
Utvikling vidare
Inititiativet er av og for studentar og heilt uavhengig. I grunn kunne kven som helst andre starte opp noko liknande. Redaksjonen vår har spekulert i korvidt landskapsarkitektur har eit liknande uavklart forhold til praksis. Ein av deltakarane i fjor som valde å bli arrangør i år er landskapsstudent, og fleire av dei vitja kontora jobbar tverrfagleg. Innan urbanisme og byutvikling er ikkje fagdisiplinane alltid så lette å skilje – det finnest utdanningar som urbant design som ikkje lar seg fange inn i klare skilje. Arkitektar og landskapsarkitektar formar omgjevnadane vore. Utdanningane gjer ei, ikkje alltid like handgripeleg, kompetanse, som ligg imellom og kombinerer mange ulike fagfelt og vetensområder. Å fange dette enkelt og greit er ikkje lett. Hurtigpraksis gjer eit heiderleg forsøk på å sjå på arkitektpraksisar i dag. Forma er godt tenkt ut, og noko nytt i norsk samanheng. Det knyt saman ulike skular, og ein ny debattarena må ein jo berre heie på.
Hurtigpraksis har ei heimeside om du vil lese meir: hurtigpraksis.com
Illustrasjon av sitteoppsettet: Anna Rosa Strassegger
Panel 1:
Banin Syed, deltakar Hurtigpraksis 2016
Ona Flindall, grunnleggjar av Hurtigpraksis
Ole Gustavsen, rektor AHO
John Arne Bjerknes, Nordic
Panel 2:
Eirik Strand, deltakar Hurtigpraksis 2016
Alexandria Algard, president NAL
Arne Riesegg Myklestad, DARK
Fredericia Miller, Gaia
Liste over stader HURTIGPRAKSIS besøkte i 2016:
- Lala Tøyen
- Rodeo
- Kåmmån
- Gaia
- MAD
- Eriksen Skajaa
- Lund Hagem
- DARK
- Snøhetta
- Nordic Office of Architecture
- Arkitekturmuseet
- DogA og OAT
- Reiulf Ramstad
- MMW
- Vardehaugen
- White
- Kolab
- Plan- og bygningsetaten
- Statsbygg
- Byantikvaren
- KIMA & Atelier oslo (omsvisning Sentralen)
- Gartnerfuglen
- Transborder Studio
- Rintala Eggertsson
- Oslo Tre
- Liv Grete Framgard, Flyktningehjelpen & NORCAP
- Arkitekbedriftene
- foredrag ved Catrine Vigander/ Element og Tarald Lundeval/Snøhetta