Foto: Kari Kjosnes
Kjersti Børve Skjelbreid, studerer landskapsarkitektur ved NMBU.
Park(ing) day vart starta i San Fransisco av Rebar, eit kunst- og designstudio, i 2005, som «okkuperte» ein enkel parkeringsplass og transformerte den til ein park, i protest mot den store andelen av San Fransisco som vart brukt til parkering av privatbilar. Sidan har bevegelsen vokst til ein global årlig aksjon, der folk i byar over heile verda skapar midlertidige parkar og byrom på parkeringsplassar.
Foto: Kari Kjosnes
Park(ing) day har vorte arrangert i Oslo fleire gongar tidligare, og i år arrangerer Europeisk mobilitetsuke Park(ing) day i Dronningens gate, i samarbeid med Dronningen landskap og Oslo kommune. Studentlaget til Framtiden i våre hender planlegger å gjere det samme på Grünerløkka, og det dukkar sikkert opp fleire midlertidige parkar andre stader også. I Bergen har bydelscaféen Nobel Bopel planlagt å gjenta suksessen frå i fjor – dei har til og med søkt fylkeskommunen om å få skjenkebevilning på parkeringsplassane rett utanfor caféen (og fått ja).
Foto: Kari Kjosnes
Les meir om Park(ing) day-bevegelsen her: http://parkingday.org/about-parking-day/
Sjå bilder frå fjorårets Park(ing) day utenfor Nobel Bopel i Bergen her: http://www.karikjosnes.com/kkblog/2014/9/21/nobel-bopel