Illustrasjon: Christmas Stock Images
Bustadpolitikk ved prisnedgang, nye byggereglar, indre motsetnadar i regjeringa si planleggingspolitikk og forvaltningsreform: KOTE stiller spørsmåla om 2014.
Tore Syvert Haga
Utdanna By- og regionalplanleggar frå UMB, Nettredaktør KOTE.
Vil den bustadpolitiske debatten endra seg no når prisane går nedover, ikkje oppover?
Dei siste åra har media stadig satt fokus på den høge veksten i bustadprisane. Innimellom alle jubeloppslaga om ”så mykje har DU tent på huset ditt” har det òg blitt satt kritisk søkelys på problema dette fører til for fyrstegongskjøparar og låginntektsgrupper. Bustadpolitikken har blitt løfta høgare på den politiske agendaen. Ulike politiske parti og interessegrupper har kome med forslag til ulike tiltak for å få lågare bustadprisar eller gjera det lettare for folk å skaffa seg ein eigen bustad. Alt frå svekka kvalitetskrav for å gjera det muleg å bygga billigare til generelt auka nybygging eller tiltak for å gjera det mindre lukrativt å investera i bustadar har blitt diskutert.
No kan det sjå ut til at prisane har byrja å gå nedover for ei stund. På slutten av 2013 gjekk dei ned, og i januar steig dei mykje mindre enn dei plar gjera i januar. Om tendensen held fram utover våren og sommaren blir spørsmålet om det vil endra de bustadpolitiske debatten. Blir plutseleg problemet: ”Kva skal me gjera for å stoppa prisfallet, korleis stimulera til ny prisvekst?” Og kva slags tiltak vil dei ulike interessegrupperingane, som til dømes byggenæringa, komma opp med då? Omtrent dei same som dei har lobba for under prisboomen, kanskje.
Kor store endringar blir det i byggereglane?
Regjeringa har, som varsla, føreslått ein del endringar i byggereglane. Kravet til universell utforming blir svekka, og dei funksjonshemma sine organisasjonar er, ikkje overraskande skuffa. Byggenæringa er glade.
Saka er formelt sendt på høyring, men det er ingen tvil om at ho blir vedteken. Det skjer trass i at dette er eit felt kor V og KrF er moderate, og truleg ligg nærmare dei raudgrøne enn dei blåblå. Forskriftsendring treng nemleg ikkje noko stortingsvedtak, departementet kan avgjera det på eiga hand.
Spørsmålet er om dette er ”nok”, eller om det kjem meir. Endringane er slett ikkje like vidtgåande som det H og FrP tok til orde for i opposisjon, eller det byggenæringa har krevd. Mange pressgrupper fungerer sånn at når du gjev dei lillefingeren ber dei snart om heile handa. Kor lang tid går det før byggenæringa krev endå slakkare reglar, serleg i lys av punktet ovanfor?
Kor går regjeringa når ho må velja mellom lokalisme og marknadsliberalisme?
I den overordna tilnærminga til planlegging og arealbruk har den nye regjeringa hatt to hovudtilnærmingar. For det fyrste skal seier dei at ”Kommunane skal få meir makt, lokalsamfunna skal få styra seg friare”, ei haldning som kan kallast lokalisme. For det andre seier dei at ”Byråkratiet skal få mindre makt, einskildindivid og bedrifter skal få meir fridom”. Her er det snakk om varierande grader av marknadsliberalisme.
I nokre sakar går desse to ideologiane godt overeins. Då regjeringa i IKEA-saken la avgjerande vekt på kommunestyrefleirtalet sitt val om å bruka matjord til møbelhus var det både lokalisme og marknadsliberalisme. I andre sakar er det heilt annleis. Der er det nettopp kommunen som står for styringa av marknadskreftene. Regjeringa må her velja mellom å legga mest vekt på lokalisme og å legga mest vekt på marknadsliberalisme.
- Regjeringa har lyst til å oppheva buplikta. Buplikta er eit verkemiddel kommunar kan velja å bruka for å unngå at dei blir feriebyar. Buplikta er eit nokså sterkt inngrep i vanlege marknadsfridommar. Fjernar regjeringa kommunane sin mulegheit til å ilegga buplikt, gjev dei lokalsamfunna mindre makt.
- Det same gjeld priskontrollen på visse gardsbruk gjennom konsesjonsloven. I dag kan kommunane unngå at ein del gardar blir omsett på marknadsmessige vilkår, ofte for å stoppa dei frå å bli fritidseigedommar for rikfolk. Blir priskontrollen fjerna i marknadskreftene sitt namn, mister lokalsamfunna styring.
- Mot slutten av si tid instruerte den raudgrøne regjeringa Fylkesmennene til å vektlegga bustadbygging langt sterkare, og vurdera å bruka motsegnsretten mot kommunar i pressområde som laga planar som ikkje la til rette for nok bustadar. Dette er ein utbyggarvenleg politikk, fordi utbyggarar i dei aller fleste tilfelle ynskjer høg utnytting. I etterkant av valet har raudgrøne politikarar vore kritiske til Bærum sin bustadpolitikk, og meint at staten burde styra sterkare. Det vil, paradoksalt nok, gje marknadskreftene friare spelerom. Spørsmålet er om dei blåblå står fast på dette.
- Tilsvarande dillemma finst i spørsmål om løyve til gruvedrift, femårsregelen for private reguleringsplanar og ein del Husbankordningar.
Det er vanskeleg å vera både lokalist og marknadsliberalist samstundes. Spørsmålet er kva som veg tyngst for regjeringa.
Blir det fart i forvaltningsreformen?
Den blåblå regjeringa, med støtte frå V og KRF, varsla i Sundvollenerklæringa at dei vil jobba for færre kommunar, med fleire oppgåver. Skal dei lukkast med å gjennomføra dette i løpet av denne stortingsperioden, treng dei god fart frå start i 2014. Truleg blir det avgjerande for reformen å få med seg AP. Utan støtte frå dei er ein ikkje sikra at reformen blir ståande inn i neste stortingsperiode. Det er nokså ulike tilnærmingar til denne saka internt i AP, så debatten der blir spanande å fylja.
Kommunereform handlar om lokaldemokrati og velferd og mykje anna. Men det handlar òg om planlegging. Nesten all norsk arealplanlegging og byutvikling skjer på kommunalt nivå. Blir kommunestrukturen endra, blir òg vilkåra for planlegging endra. Større kommunar vil truleg gjera det lettare å driva regional planlegging på kommunalt nivå. Samstundes blir rolla som lokalsamfunnsutviklar vanskelegare å ikle, jo fleire tettstadsentra kvar kommune har. Og om kommunefusjon fører til meir sentralisering av kommunale tilbod, vil det skapa nye utfordringar for planlegginga. Ein del av debatten handlar òg om kompetanse og rekruttering av arbeidskraft. Det kan tenkast at større kommunar skapar meir kompetente planavdelingar, fordi det blir plass til fleire profesjonar. Men tilgangen på kvalifisert arbeidskraft aukar ikkje av seg sjølve berre fordi reisevegen til rådhuset blir lengre.