Foto: Elisabeth Sperre Alnes
Først ut er Folkelig
ved Ingrid Kristiane Fardal og Kathrine Marthinsen.
Hva er deres prosjekt og hvor er det?
Vi har starta opp Folkelig som held til i Bergen. I Folkelig jobbar vi med å skape aktive og sosiale nærmiljø med fokus på matglede og bevegelsesglede. Våre pågåande prosjekt er "Gategym og "Smaksverkstedet".
Fortell om hvorfor dere startet opp og hva som inspirerte dere ti å gjennomføre det?
Vi er utdanna Folkehelsearbeidadar ved HiB og i uthgangspunktet ynskja vi å skape vår eigen faglege erfaring gjennom å starte opp vår eigen bedrift. Det var i tillegg spennande å ha mulighet til å tenke nyskapende innenfor fagfeltet - kva held folk friske og kva gir folk god livskvalitet.
Hvordan gikk prosessen med å starte opp? Var det vanskelig?
Vi starta med å gjennomføre eit entreprenørskapskurs og vi brukte mykje tid på å utforme forretningsideen vår og prosjektideane vi ville starte med. Då vi starta sto vi på bar bakke utan noko nettverk - og dette tok det ein god stund å opparbeide. "Vegen vert til mens ein går"!
Hva er den utslagsgivende faktoren for at dere eksisterer i dag?
Vi samarbeidar godt innad og har etterkvart fått eit profesjonellt og sosialt støtteapparat som vi er avhengig av. Eit av prosjekta våre gir ein viss forutsigbar inntekt noko som gjer at vi er økonomisk uavhengig av deltidsjobb - som før tok mykje tid og krefter.
Hva er dere stoltest av?
Dei nære ting betyr mest - å sjå at prosjekta våre gir små og store menneske med ulike forutsetnadar, glede og gode opplevelsar i kvardagen gjer oss stolte. Samtidig har vi mål og ambisjonar om å nå ut til flest mulig, difor er vi svært stolte kvar gang vi får mulighet til å utvide prosjekta i eit nytt område eller bydel!
Er initiativet overførbart til andre steder?
Vi jobbar i desse dagar med å starte opp "Gategym" i hovedstaden og ser at det lett kan la seg gjere med dei rette samarbeidspartnarane. Det samme gjeld for "Smaksverkstedet", men vi er avhengig av lokal kompetanse og ressursar for å kunne overføre prosjekta og starte opp fleire stader.
Vil dere anbefale andre å starte opp et tilsvarende prosjekt? Hvorfor?
Vi vil definitivt anbefale alle som ber på ein prosjektidé til å utforske ideen, oppsøke eit lokalt gründernettverk og å setje i gang! Har ein i tillegg samme fagbakgrunn og engasjement som oss er det berre å ta kontakt. Vi kan både samarbeide og hjelpe til i oppstartsprosessen!
Hvordan utarter en vanlig dag seg for dere/konseptet?
Vi startar dagen "på kontoret" med å få oversikt over kva som skal gjerast og prioriterast. Slik vi jobbar no er vi mellom anna sekretærar, tekstforfattarar, markedsførarar og designarar i tillegg til å vere folkehelsearbiedar ute i feltet. Det krev god struktur og delegering av dei ulike oppgåvene. Etter lunsj er vi ferdig med å vere kontorrotter - då har vi som regel "Smaksverksted" rundt omkring i byen og på kveldstid delar vi på kven som har ansvaret for "Gategym", også det i ulike bydelar i Bergen.
Hva er din favoritthendelse i forbindelse med prosjektet?
Det er vanskelig å komme på ein spesifikk hending. Kanskje då ei av deltakarane på eit Smaksverksted for utviklingshemma gav oss ein klem og takka for at vi hadde lært ho å like fisk. Verkelegheita er jo at ho laga fisken sjølv og syntes den smakte godt. Det viser at alt handlar om å legge til rette for gode opplevelsar!
Når ein jobbar intensivt og hardt med eit prosjekt er det ikkje like lett å sjå kva ein har oppnådd - og då er det alltid like fantastisk når nokon minner deg på det! Ta eit steg ut og få eit overblikk over kva ein faktisk har fått til er viktig!
Hvordan har nærområdet vært uten dere?
Det er vanskelig å svare på. Vi håpar og trur at vi har tilført lokalsamfunna og nærmiljøa rundt omkring i Bergen noko nytt og spennande. Vi har som mål å få fleire til å ta i bruk nærmiljøet sitt gjennom aktivitetar som skapar fellesskap og tilhøyring. Erfaringar vi har fått så langt viser at dette er noko prosjekta vi driv er med å bidreg til.
Hvordan ser fremtiden ut? Eksisterer dere om 10 eller 20 år?
Folkehelsearbeid slik vi ser det, vert omtala som framtidsretta og vegen å gå for å skape eit godt liv med god helse. Vi ynskjer å bidra til eit strukturert folkehelsearbeid med lokalte initiativ og prosjekt som skapar effekt der folk bur og lev sine liv.
Om 10 - 20 år ser vi for oss dei noverande prosjekta våres som sjølvgåande og at nye innovative prosjekt har sett dagens lys. Det vil vere ordentleg stas å verte ein merkbar og viktig aktør i det nasjonale folkehelsearbeidet på lokalt nivå.
Er det noen dere ønsker å takke?
Det er så mange bra folk rundt oss som trur på det vi driv med, som gir dagleg støtte og er med på å leggje tilrette for at vi skal lukkast!
Er det noe dere bare må få ut til folket?!
Saman er vi mindre aleine er eit fint uttrykk. Mat smakar best saman med andre og bevegelse er gøyast når ein svettar i lag! Det å få god helse treng ikkje vere eit mål i seg sjølv, men god helse er noko ein opplev gjennom aktivtetar som gir overskudd og glede i kvardagen!
“Send gjerne inn forslag til oss og tips oss om lokale initiativ dere ønsker skal belyses.”