Foto: Wikipedia Commons
Avtalen mellom Høyrebyrådet og Oslo SV om å flytte Munch til Bjørvika mot ei storstilt opprustning av Tøyen viser kvifor forhandlingsteori er veldig relevant innanfor byplanlegging.
Tore Syvert Haga
Student By- og regionplanlegging, ILP, UMB
25.06.2013
Førre månad blei det klart at Munch-museet blir flytta frå Tøyen til Bjørvika, etter mange års politisk debatt. SV, som eigentleg ynskjer å bygga nytt Munch-museum på Tøyen, godtok flyttinga i bytte mot gjennomslag for ei rekke tiltak for å rusta opp Tøyen, samt ein del bydekkande velferdspolitikk. Mange blei glade, mange blei skuffa og veldig mange blei veldig overraska. Teori om forhandlingar er veleigna til å analysera og forklara kvifor dette kunne bli utfallet.
Mesteparten av omgrepa som blir brukte i denne artikkelen er basert på den gode innføringsboka Forhandlinger av Jørn Rognes. ”Når to eller flere parter med delvis motstridende interesser prøver å komme fram til en felles beslutning, forhandler de,” skriv Rognes. Gjensidig avhengigheit er ofte ein føresetnad for forhandlingar. Kvar av partane kan ikkje gjennomføra det dei ynskjer utan å få med seg den andre parten. Dette var absolutt tilfelle i Munch-forhandlingane. Byrådet hadde ikkje fleirtal for å flytta Munch til Bjørvika. SV hadde ikkje fleirtal saman med AP, Rødt og MDG for å få bygd nytt Munch-museum på Tøyen, og heller ikkje noko realistisk mulegheit til å få fleirtal for dei andre delen av avtala.
Interesser og posisjonar
Tilsynelatande handlar Munch-avtala om at SV går vekk frå sitt
opphavlege standpunkt, Munch på Tøyen, og tek eit heilt anna standpunkt,
Munch i Bjørvika. I forhandlingsteorien skil ein derimot mellom
bakanforliggande interesse, og posisjonar på forhandlingsdimensjonar.
Dei bakanforliggande interessene er det ein ynskjer å ivareta. Posisjon
på forhandlingsdimensjonane er dei konkrete krava ein stiller i
forhandlingane for å ivareta dei bakanforliggande interessene. I ei
typisk utbyggingssak kor utbyggar og kommunen forhandlar, vil
utbyggarane sine bakanforliggande interesse vera å maksimera innteninga.
Dette kan gje seg utslag i posisjonar på ulike forhandlingsdimensjonar
som kor høg grad av utnytting tomta skal ha, kva kvalitetskrav som skal
stillast til uteromma eller kva leiligheitsfordeling det skal vera i
prosjektet. Om utbyggar i forhandlingar med kommunen får gjennomslag for
høg tomteutnytting (som gjev god inntening) kan han lettare godta
fordyrande kvalitetskrav til dømes til kvalitet på uteromma. Posisjonen
blir fråveke, fordi dei bakanforliggande interessene er ivareteke på
andre måtar.
Brukt på Munch-forhandlingane gjer skiljet mellom bakanforliggande interesse og posisjon det muleg å forklara kvifor det blei akseptabelt for SV å godta Bjørvika. Dei interessene partiet søkte å sikra gjennom sin opphavlege posisjon, nytt Munch-museum på Tøyen, var å unngå ei utarming av Tøyen og motverka ytterlegare klassedeling av byen. Dei meinte det var viktig at attraksjonar låg på byen sin tradisjonelle austkant, at ikkje alt blei samla i den eksklusive Bjørvika. Då SV fekk oppfatninga at dei bakanforliggande interessene kunne ivaretakast gjennom ein avtale kor partiet fekk gjennomslag for ei rekke andre tiltak for Tøyen, gjekk dei vekk frå sin posisjon på forhandlingsdimensjonen ”lokalisering av Munch”.
Ulike parti kan komma til same posisjon på bakgrunn av ulike bakanforliggande interesse. Dette kan forklara dei ulike reaksjonane på Munch-forliket. Ut frå argumentasjonen frå FrP er det viktigaste for dei å redusera utgiftene til nybygget. Når dette er motivasjonen for posisjonen ”Nei til Munch i Bjørvika”, er det naturleg at ei tilsvarande avtale ikkje kunne ha blitt inngått med FrP. Andre ser ut til å vera mot Munch i Bjørvika fordi dei ikkje liker høghus i Bjørvika, serleg ikkje med knekk. Dei som var mot Munch i Bjørvika på grunn av desse omsyna, er skuffa over avtala, fordi Tøyen-opprustning ikkje er relevant for deira interesser.
Kva er alternativet
Eit anna trekk som kan brukast til å analysera forhandlingar er
”alternativet til forhandla løysing”. Jo betre alternativ til forhandla
løysing, jo sterkare står ein i typiske fordelingsforhandlingar. Partane
i Munch-forhandlingane hadde omtrent like dårlege alternativ til
forhandla løysing. For SV sin del ville alternativet til ei forhandla
løysing vore at det ikkje blei bygd noko nytt Munch-museum på lang tid,
nokon som er negativ for eit såkalla kulturparti som SV. Partiet ville
heller ikkje fått gjennomslag for dei delane av sitt program som dei no
får gjennomslag for gjennom Tøyen-opprustninga og velferdspolitikken,
fordi dei ikkje inngår i budsjettfleirtalet til vanleg.
Skulle Byrådet forhandla med FrP, ville situasjonen vore annleis. Deira alternativ til forhandla løysing ser betre ut, fordi manglande semje om plassering av Munch gjev reduserte utgifter til kulturen. FrP er som kjent skeptiske til å bruka mykje pengar på såkalla finkultur. Dessutan har partiet gjennom dei årlege budsjettforhandlingane med byrådet gode mulegheiter til å få gjennomslag for sitt partiprogram.
Fordelingsforhandling eller integrasjonsforhandling
Eit viktig skilje i forhandlingsteorien er mellom
fordelingsforhandlingar og integrasjonsforhandlingar. I typiske
fordelingsforhandlingar er det berre ein forhandlingsdimensjon, ei sak
det blir forhandla om. Partane avgjer plasseringa gjennom maktbruk og
kompromiss. Utbyggar vil ha 200% BYA, kommunen vil ha 120% BYA, dei blir
samde om 155% BYA. Denne type forhandlingar kan òg løysa
lokaliseringsdebattar. Mange sjukehus har gjennom åra blitt lagt midt
mellom to jamstore byar, etter lengre tids tautrekking. I Munch-striden
har det derimot vore lite aktuelt å legga museet midt mellom Bjørvika og
Tøyen, som ville blitt omtrent i krysset mellom Grønlandsleiret og
Åkebergveien.
Då byrådet og SV trakk inn ei rekke andre sakar, som ikkje er direkte tilknytt lokaliseringsdebatten, men i varierande grad er relevante for utviklinga på Tøyen, som tiltak for betre SFO og skule på Tøyen, bygging av lokk over støyande vegar, etablering av kommunalt badeland og generell fysisk opprustning, gjekk forhandlingane over til å bli såkalla integrasjonsforhandlingar. I integrasjonsforhandlingar bytar partane sakar, sånn at dei får gjennomslag for sine posisjonar i dei sakane som er viktigast for dei. Høgrebyrådet får bygga Munch i Bjørvika, mot at SV får gjennomslag for ei rekke velferdspolitiske tiltak. Kompromisset ligg ikkje på kvar einskild forhandlingsdimensjon, men i totalpakka.
Utfallet i Munch-striden i Oslo illustrerer at omgrep som ”alternativ til forhandla løysing”, ”integrasjonsforhandlingar og fordelingsforhandlingar” og ”bakanforliggande interesse og forhandlingsposisjonar” er sentralt for å analysera byutvikling som skjer i samspel mellom ulike aktørar med dels motstridande interesse. Det gjeld både mellom ulike parti, mellom ulike offentlege styresmakter, mellom styresmakter og kommersielle aktørar og mellom styresmaktene og sivilsamfunnet.