Statssekretæren for plan- og bygningssaker, Per Willy Amundsen (FrP) lovar raske endringar i teknisk forskrift og andre deler av lovverket. - Interesser som artsmangfald, universell utforming og energieffektivitet kan sikrast like godt med eit mindre detaljorientert regelverk, seier han.
Intervju av Tore Syvert Haga, Nettredaktør KOTE.
Per Willy Amundsen frå FrP er eit namn å merka seg for norske planleggarar. Som statssekretær i kommunal- og moderniseringsdepartementet vil han få det daglege ansvaret for plan- og byggesaker. Planavdelinga frå miljøverndepartementet blir frå nyttår av flytta til Kommunaldepartementet, og underlagt Amundsen. Kommunalminister Jan Tore Sanner vil ha det formelle ansvaret, men er venta å bruka mesteparten av arbeidskapasiteten sin på å piska og / eller lokka kommunar til å slå seg saman. I dette intervjuet med KOTE snakkar Per Willy Amundsen om kva han ynskjer å endra i norsk planpolitikk, og kva som skal ligga fast.
Frå MD til KRD
Miljørørsla har vore kritiske til flyttinga av Planavdelinga frå MD til KRD. Dei fryktar at naturverninteresser i plansaker vil lida. Sjølv om MD slett ikkje alltid gjekk den vege miljørørsla ynskja, blei det i førre periode fatta avgjerder i plansaker som viste at artsmangfold var eit viktig omsyn. Ein klippeblåvinge-lokalitet førde til at eit bustadfelt blei stoppa. Ein hubrohekkeplass førde til at ein veg blei lagt om. Avgjerdene blei rosa av naturinteresserte, medan mange andre brukte dei som døme på at artsvernet hadde gått for langt.
På spørsmål om kor vidt ein kunne få avgjerder som i hubro-saken og klippeblåvingesaken frå KRD med han i statssekretærstolen hadde ikkje Amundsen noko sikkert svar. – For det fyrste er den hubro-saken litt overdreve. Det var ein hubrolokalitet som førde til at ein vegplan blei endra. Ingenting blei stoppa, og ingen bustadar blei nekta. For det andre vil departementet i denne type framtidige sakar vurdera ulike omsyn opp mot kvarandre. Me vil lytta på råd frå miljøverndepartementet, men ta eigne avgjerder kor me prøver å balansera ulike interesse. Flyttinga av Planavdelinga frå Miljøverndepartementet til Kommunaldepartementet er ikkje i seg sjølve meint som eit signal om svekka artsvern, seier han. Han utdjupar vidare om grunnen til at avdelinga blir flytta. – Me ynskjer å sjå heile kjeden, frå plansak til byggesak, under eitt. Me trur det er smart å samla planpolitikken og bygningspolitkken under same tak. Det vil til dømes gjera det lettare å driva vegleiing til kommunane og utbyggarane. Men miljøomsyn vil framleis vera viktige, og MD vil vera høyringsinstans i alle relevante sakar.
Klima framleis viktig
Dei siste åra har klimaomsyn vokse fram som ein av dei sentrale grunngjevingane for å driva arealplanlegging. Gjennom bilrestriktive tiltak, samordna areal- og transportplanlegging, og fortetting langs kollektivknytepunkt, prøver mange kommunar å bidra til reduserte klimagassutslepp. Dette er den faglege konsensusen som dominerer utdanningsinstitusjonane på feltet. Statleg politikk bygg dessutan opp om dette, både gjennom vegleiing frå departementet og fylkesmannen, og ulike sektororgan som Statens Vegvesen[i].
Amundsen varslar ingen endringar i denne hovudretninga. Klimaomsyn og fortetting skal framleis vera viktig i norsk planlegging. Samstundes er det ingen tvil om at meir kommunalt sjølvstyre og mindre bruka av statlege motsegner vil gjera det vanskelegare å fylja opp denne politikken. Amundsen meiner dette ikkje er noko stort problem. – Med fare for å høyrast ut som om eg kjem frå SP; vettet er nokså jamnt fordelt utover i landet. Det er ingen grunn til å tru at mindre statleg styring og meir kommunalt sjølvstyre i seg sjølve vil gje fagleg dårlegare planlegging, argumenterer han.
Mot motsegner
Eit av dei områda kor den nye regjeringa ynskjer å flytta makt, er gjennom å redusera bruken av motsegner. Amundsen meiner at motsegnsinstituttet blir brukt for mykje, og at dette undergrev lokaldemokratiet og mulegheitene for heilskapleg tenking på tvers av sektorinteressene. – For meg er det eit mål at færre statlege og regionale organ skal ha motsegnsrett. Samstundes er det viktig å heva terskelen for kva tid motsegnsorgana kan gripa inn i sakar. Det må vera snakka om veldig viktige sakar før dei gjer det, seier han. I dag er det 22 organ med motsegnsrett. Dei kan i fylje Plan- og bygningsloven § 5-4 fremma motsegner ” i spørsmål som er av nasjonal eller vesentlig regional betydning, eller som av andre grunner er av vesentlig betydning for vedkommende organs saksområde.” Kven som eventuelt skal mista motsegnsretten, og korleis terskelen kan hevast, vil han komma tilbake til.
Statleg politikk problemet
Den seinare tida har Arbeidarpartiet og Dagens Næringsliv i ulike samanhegnar sett fokus på Bærum sin bustadpolitikk. Politikken har blitt kritisert som altfor restriktiv til fortetting og bustadutbygging, og peikt på som eit døme på ein kommune som ikkje er villig til å ta ansvar for å få nok nybygging. Mot slutten av sin periode endra den raudgrøne regjeringa oppdraget til Fylkesmennene på ein måte som kunne gje dei heimmel til å fremma motsegner mot planar som i for liten grad bidro til nybygging i pressområde som Bærum. Amundsen trur ikkje at det trengst statleg overstyring for å få kommunane til å opna opp for meir nybygging. – Eg opplever generelt ikkje kommunane som nokon bremsekloss i bustadpolitikken. Staten må sjå bjelken i sitt eige auge før han rettar fokuset på flisene i kommunane sine. Det er statlege reglar for reguleringsprosessar, og statlege reglar om utforming av bustadar som gjer nybygging dyrt og vanskeleg. Det er her me må retta fokuset, ikkje på einskildkommunar sin politikk, argumenterer han.
Han peiker serleg på reglane i TEK10 som skal sikra at nye bustadar, der terrenget ligg til rette for det, blir tilgjengelege for alle. – Regjeringserklæringa støttar prisnippet om universell utforming som eit generelt krav, men det betyr ikkje at reglane må vera som dei er i dag. Reglane må gjera meir fleksible, og meir praktiske, sånn at dei ikkje gjer nybygging dyrare, seier statssekretæren. Han seier departementet vurderer både å unnta bustadar under ein viss storleik frå krava, samt å endra på måten dei generelle krava er utforma på. – Er det no eingong sikkert at det er akkurat snusirkelen alt skal dimensjonerast etter? Kanskje det går an å finna andre løysingar som ivaretek tilgjenge, spør han. Han varslar at det i løpet av neste år vil komma framlegg til endringar i TEK.
Passivhus kjem
Amundsen har tidlegare blitt omtala som ei av dei tydelegaste stemmane på FrP sin populistfløy, saman med folk som Per Sandberg og Christian Tybring-Gjedde. Dei blir av politiske kommentatorar sett på som ein motsats til meir ”ansvarlege” ”Høgre-kopiar” som Anders Anundsen og Ketil Solvik Olsen. Serleg har Per Willy Amundsen profilert innvandringsmotstand og klimaskepsis. No er han satt som statssekretær for ein Høgre-minister. Han vektlegg regjeringsplattformen sine formuleringar på mange punkt. Det er denne han skal jobba for å realisera, og ved motstrid går denne framfor FrP sitt partiprogram og primærstandpunkt. Han framheld til dømes at regjeringa har forplikta seg til å oppfylla klimaforliket frå førre stortingsperiode. Det inkluderer snarleg innføring av passivhus-standard for nye bustadar. – Regjeringa står ved dette forliket. Eg vil likevel sjå etter måtar å utforma standarden på som reduserer veksten i byggekostnadar og gjer regelverket meir fleksibelt enn alternativet, fastslår han. Korleis dette skal gjerast vil han komma tilbake til seinare. Han understrekar at han har vore veldig kort tid i departementet.
Femårsregel for fall?
Då den noverande plan- og bygningsloven blei vedteken i 2008 blei det innført ein ny regel som seier at private reguleringsplanar berre er gyldige i fem år etter vedtaking. Om ein grunneigar ventar lengre enn det med å få byggeløyve, er planen i utgangspunktet ugyldig. Denne regelen har lenge vore skarpt kritisert av byggenæringa. Førre regjering sendte på høyring eit framlegg om å forlenga regelen til ti år. – Me vurderer både å forlenga femårsreglen og å fjerna han heilt. Me vil gå gjennom høyringsfråsegnene som har kome inn, og konkludera på grunnlag av dei, seier Amundsen. Alle dei borgarlege partia uttalte seg mot regelen då han blei innført.
Amundsen har erfaring frå både kommunalkomiteen og energi- og miljøkomiteen på Stortinget, og har difor kjennskap både til bygningspolitikk og planpolitikk frå før av. Gjennom intervjuet med KOTE kjem det fram at han har grunnleggande kunnskap om mange av dei mest aktuelle spørsmåla på området. Han hevdar at han vil lytta til innspel frå ulike aktørar, både byggenæringa og representantar for dei ulike sektorinteressene som plan- og bygningslovgjevinga søkjer å ivareta. – Det viktigaste for meg er å skapa eit praktisk innretta regelverk, som det er muleg å fylja i praksis, seier FrP-politikaren.
Tida framover vil visa om Per Willy Amundsen lukkast med å endra det norske byråkratiet, eller om byråkratiet vil endra han vel så mykje.
[i] Dette er i kvart fall dei overordna måla som blir utrykt. Kor vidt dette skjer i praksis er eit anna spørsmål, som det ikkje er plass til å kommentera her.