Alle foto: Martin Rasch Ersdal
Ordførar Fabian Stang (H) sa nyleg til bladet ”Kapital” at byrådet i Oslo vil gjere Groruddalen og Romsås til eit spennende og attraktivt miljø og ved å ha ”trendsettere og kule mennesker” der. Eg spør meg kven dalen skal bli kulare for: Fabian eller oss som bur her allereie?
Ingunn Gjerstad
Jobbar med næringspolitikk og byutvikling for LO i Oslo.
Opphaveleg vestlending, busett i Groruddalen sidan 1999.
Nyleg viste ei venninne meg Romsås som ein god stad å bu i Oslo i dag for vanlige folk. Natur med turterreng, kollektivdekning og aktiviteter for ungar i gangavstand til heimen. Vi som bur i Groruddalen er vane med mykje omtale, og folk som knapt har sett sine bein her meiner ofte mest. Groruddalen huser ein fjerdedel av Oslos innbyggjarar. I min bydel, Alna er det like før vi runder 50 000. Vi har heile spekteret av levekår, men andelen av dei ikkje-vestlige som er i arbeid er høgare hos oss enn i Oslo totalt[i].
Transformasjon til kva?
Når planleggarar teiknar byen vår opptrer folk i fritidstøy. Anten det er Fjordbyen eller Breivollbyen er det boligar og søndagsspaserturar i natur som speglast. I kvardagane er det derimot henting og levering av unga, matinnkjøp, fritidssysler og arbeidsreiser som kjempar om tida. I tillegg til boligar som folk har råd til å bu i, barnehagar, skular, eldresenter, sjukeheimar, fritidstilbod og god kollektivtilbud er jo tilgang til ulike typar arbeidsplassar viktig i alle lokalsamfunn- også i byar. Difor må planlegginga av framtidas Groruddal òg ta vare på mange av arbeidsplassane som ligg her i dag.
Store deler av dalen blir kalla transformasjonsområde. I praksis vert velfungerande store arbeidsplassar flytta ut og tomtar ”frigjort” til boligbygging. At Arcus på Hasle flytta til Gjelleråsen gjer at fleire hundre personar som før reiste kollektivt no må bruke bil. Det same gjeld Posten, som blei flytta til Lørenskog.
Groruddalen og Alna bydel har mange gode arbeidsplassar og er i tillegg vertskap for landets transportnav for gods ved landets eldste jernbanelinje. Terminalen er sprengt og overmoden for utbygging av kapasiteten i tråd med auka godsmengder. Målet er å få fleire av vogntoga bort fra vegane. Rundt terminalen ligg dei store samlastarane, som sendar gods for ulike leverandørar ut til heile landet. Fagrørsla har etterlyst ein strategi for å sikra logistikkverksemdene sine utviklingsbehov og ramevilkår.
Føresetnaden for eit sunt og variert næringsliv og ein god arbeidsmarknad er at vi også har plass til produksjonsbedrifter og industri. Mange næringsvirksomheter kan fungere godt i blanding med boligområder, men ikkje alle. Spesielt for ein del industri, gjenvinnings- og logistikkverksemder er det viktig med skjerming frå boligområde, men dei kan fungere godt i lag med anna næring. Oslo Kommune sine planar har for få og for små område avsett til rein nærings-/ industri- og gjenvinningsvirksomhet og dette fører mellom anna med seg støyproblem for unødig mange innbyggarar.
Brakkerigger og truckstopstasjoner
I skjæringspunktet mellom bolig og næring ligg to viktige saker som må ivaretakast bedre i overordna planarbeid. Kommunen må legga til rette for areal til brakkeriggar av kvalitet både for dei som brukar dei og lokalmiljøa rundt. Oslo står framfor ei aukande mengde byggeprosjekt der arbeidskraft frå andre fylke og land trengst. Per i dag er behovet for midlertidige boligar dårleg ivaretatt.
Det må og leggast til rette for truckstopstasjonar for sjåførane på godsbilar då dette manglar helt i Oslo i dag. Dette medfører ulovleg parkering i boligområde i tillegg til at mangelen gir ei tungt belasta yrkesgruppe enda dårligare vilkår for lovpålagt kvile og restitusjon.
Handlingsplan fri for handel
Oslo Kommune vedtok i juni 2011 sin næringspolitiske handlingsplan. Mellom LO i Oslos mange innspel var at planen burde utvide fokusområdet fra einsidig satsing på innovative næringar og utdanningar på høgskule- og universitetsnivå, til og å sikre breidde i næringslivet samt styrke fagopplæringa. Oslo som handels, -reiselivs - og hamneby burde fram i større grad. Vi tok opp at private utbyggarar gang på gang får fleirtall for reguleringsplaner i form av kjøpesentre som medfører handelslekkasjer frå sentrumskjøpmennene og den visse daud for dei fleste småsentra i drabantbyane utan at dette problematiserast. Siste døme på dette er Økernsenteret.
Heller enn at alle skal reise rundt til dei største kjøpesentra kunne ein bidra til at fleire lokalmiljø hadde nærbutikkar. 15 % av arbeidstakerne i Oslo finnes i detaljhandel og slått i hop med servering utgjer næringa nesten 30 000 ansatte og er den nest størst etter offentlig tjenesteyting i Oslo. Likevel finst det ikkje nokon plan for å utvikla næringa[ii].
Beredskapssenter
Statsminister Stoltenbergs redegjorde for Stortinget om 22. juli og lokaliserte politiet sitt beredskapssenter til Alnabru på areal som i dag er avsatt til jernbaneformål. Dette slo brått ned og kolliderer med både vedtatte mål i Nasjonal transportplan, arbeidsplasser og bumiljø. Fagrørsla lokalt og sentralt har gått imot og meiner at plasseringa på Alnabru vil kome i konflikt med planlagte og nødvendige utbyggingstrinn på terminalen. Dei som bur i nærheiten fryktar biltrafikk og helikopterstøy. Prosessen er prega av hastverk og behov for å vise handlekraft. Utreiingane er hemmeligstempla, men ei kvalitetssikring av Jernbaneverkets planarbeid til no med Alnabruterminalen for Samferdselsdepartementet advarte i juni 2012 mot å leggja beredskapssenteret hit før planarbeidet med terminalen er gjort. [iii]
Byutvikling og samfunnsutvikling krev heilhetstekning
Logikken på grasrota er å legge beredskapssenteret ein annan stad, utvide kapasiteten på terminalen/godsnavet, gi logistikknæringa forutsigbarhet, lage fleire gode innfartsparkeringar nær bygrensa. Vi må òg bygge ut kollektivtrafikken kraftig og ta større deler av austlandet i bruk til boligar slik den regionale areal- og transportstrategien for Oslo og Akershus legg opp til. Groruddalen er òg egna for boligbygging i dalsidene, medan dalbunnen husar varierte og viktige arbeidsplassar vi treng no og framover.
[i]http://www.fafo.no/pub/rapp/20069/20069.pd
[ii]http://www.ohf.no/default.asp?m=7551&s=56154
[iii]http://www.regjeringen.no/Upload/SD/Vedlegg/KS-rapporter/alnabrugodsterminal22juni2012.pdf