Tore Syvert Haga
Student ved By- og Regionalplanlegging, UMB
Bokmelding av Du sköna nye hem. Kent Werne, Ordfront, Stockholm 2010
Kent Werne har skreve ei interessant dokumentarbok om utsalet av svenske ikkje-kommersielle utleigebustadar. Boka burde vera interessant lesnad for dei i Noreg som er noko over snittet opptekne av bustadpolitikk. Sverige er ganske nært Noreg, men innan bustadpolitikken er avstanden ganske stor. Medan det i Noreg sidan krigen har vore meir eller mindre konsensus om at alle skal eiga sin eigen bustad, bygde Sverige i løpet av store deler av 1900-talet opp ein stor ikkje-kommersiell utleigesektor. Utleigebustadane er eigde av offentleg eigde føretak. Dei som bur der har ein viss innflytnad gjennom leigebuarorganisasjonar. Leigene blir sette sånn at verksemda går i null, og er soleis klart lågare enn ein tenkt marknadspris ville ha vore.
For nordmenn som er frustrerte over den norske bustadprisen, og ser etter ein billig bustad å leiga, høyrest dette ut som ein forlokkande modell. Men det er slangar i paradis, og Sverige har, på same måten som Noreg, ein ubalanse i bustadmarknaden. Som fylje av dei låge leigeprisane på dei såkalla ”hyresrettane” er ventelistene lange. Fleire hundre tusen står i kø i Stockholm. Det betyr ikkje at dei er huslause, men at dei bur ein stad ganske kortsiktig. Nokon leiligheiter blir leigde ut på 2. eller 3.hånds kontraktar. Det vil sei at han som leiger bustaden leiger han vidare, mot eit tillegg i leiga. I boka skildrar Kent Werne korleis mange, spesielt ungdommar, slit med kortsiktige og dyre leigekontraktar.
Til sals
Det er likevel ikkje forsøk på å unngå svartebørshandel, eller på å auka tilbodet av hyresrettar gjennom nybygging som står i fokus i det høgrestyrte Sverige. I staden pågår det ein prosess kor hyresrettane blir gjorte om til burettar, omtrent tilsvarande norske burettslag. Dei som bur i hyresrettane får tilbod om å kjøpa dei, relativt billig. Så blir det danna burettslag, som saman eig bygningane, med individuelle burettar som seinare kan omsettast på den frie marknaden.
Før omdanninga blir det halde avrøystingar i dei ulike bufellesskapa. Motsetnadane ser ut til å vera store mellom dei som vil eiga sin eigen bustad, og dei som vil halda fram med å leiga. Mange argument, og endå fleire sleipe triks, blir brukte. Boka skildrar ein del av desse sakane, fram mot dei avgjerande voteringane.
Engasjert
Kent Werne tek relativt klart stilling for dei som vil at hyresrettane skal halda fram med å vera det, hyresrettar. Han ser omdanninga som ein del av den svenske høgrealliansen sitt prosjekt for å skapa eit marknadsliberalt Sverige, kor det er mindre vekt på fellesløysingar og meir vekt på privat eigedomsrett enn det som har prega det svenske folkhemmet sidan 30-talet.
Heltane i boka til Werne er dei bebuarane som kjempar mot privatiseringa, og som trassar hets og glatte konsulentar for å forsvara fellesskapsløysingane. Werne argumenterer for at den allmennyttige utleigesektoren er viktig for å sikra at det går an for folk med middels eller låge inntekter å bu godt utan å bruka for mykje pengar på det. Om hyresrettane blir gjort om til bustadsrettar, forsvinn denne mulegheiten for framtidige generasjonar.
Sjølv om Werne er kritisk til dei politiske vedtaka som har skapt privatiseringspresset visar han forståing for mange av dei einskildpersonane som takkar ja til tilbodet om å kjøpa bustaden sin. Sidan dei får sterkt rabatterte prisar er det rett og slett tale om ein god handel. Mange vil tena hundretusenvis av kroner, om bustadprisane held fram med å veksa. I fylje Werne er det for dei som vil kjøpa fleste fyrst og fremst eit økonomisk spørsmål, ikkje eit ideologisk.
Ein bit av puslespelet
Du blir ikkje nokon ekspert på svensk bustadpolitikk av å lesa denne boka. Til det tek boka for seg ein litt for liten bit av heilskapen, og litt for mykje av boka går til å fortelja einskildhistorier om kampen for og mot omdanning av ulike boligblokker frå hyresrettar til burettar. For oss utanforståande nordmenn hadde det kanskje vore nyttig med litt meir overblikk. Boka gjev likevel eit interessant innblikk i eit Sverige i forandring. Held trenden fram, blir kanskje den svenske bustadmarknaden som den norske, med overveldande fleirtal av sjølveigarar og ein fråverande ikkje-kommersiell utleigesektor.
Alternativ?
Det eg fyrst og fremst saknar i boka er tydelege politiske alternativ til dagens kurs. Det er openbert for dei som har hjarta til venstre at privatiseringa av bustadane ikkje er løysinga. Men kva meiner Werne og andre på den svenske venstresida at burde gjerast for å løysa problema på den svenske bustadmarknaden, utover å stoppa utsalet av folkehemmet?
Boka kan kjøpast via svenske nettbokhandlar.
Du kan òg vitja heimesida til Kent Werne.