Skilting mot gata Foto: Anna Rosa Strassegger
Anna Rosa Strassegger, studerer arkitektur ved AHO og er skribent for KOTE.
Hagar i byen er vorte populære. Det ikkje lenger snakk om kun dei individuelle parsell- og kolonihagane, eller villahagane utanfor sentrum. Dei nye hagane er vorte del av større diskusjonar kring organisering av matproduksjon og er synlege i bybiletet. Ofte er dei knytte til kunstprosjekt, og av mellombels karakter. Herligheten i Bjørvika er eit slikt eksempel i Oslo. Det ermange fleire eksempel frå andre sida av dammen, i USA, men òg sørover på kontinentet har ulike hageinitiativ starta opp, med ein sosial eller politisk agenda kring grøn byutvikling og gode bumiljø.
Prinzessinnengärten i Berlin er ein av desse hagane som har fått stor merksemd. På ei tomt som låg brakk vart det sett opp ein mellombels hage. Historikaren Marco Clausen og dokumentarfilmskaparen Robert Shaw starta opp prosjektet i 2009. Robert Shaw hadde vore på Cuba og sett korleis jordbruk i byen kunne skape sosiale møtepunkt og ei lita inntekt for dei som budde der. Desse byhagane hadde oppstått på grunn av høg oljepris som gjorde jordbruket med traktor særs kostbart. Clausen og Shaw var båe amatørar i feltet urbant jordbruk då dei starta selskapet Nomadisch Grün gGmbH (allmennyttig selskap), og ville skape ein mobil gard midt i Berlin, som kunne gå frå stad til stad. Dei var båe amatørar i jord- og hagebruk og avhengige av andre si hjelp, og av å tenke hybridar. Dei fann ei tomt og sette ein annonse i avisa der dei inviterte interesserte til å bli med og rydde tomta for skrap og søppel, og deretter sette opp hagen. Slik fekk dei i gang ein nabolagshage, og ein sosial møtestad. Den har i ettertid kjempa for å kunne halde fram på plassen og vorte sjølve symbolet for urban hagedrift i Berlin. Grunna den plutselege tilstrøyminga av utanlandske investeringar i Berlin etter finanskrisa har dei fleste andre brakke tomtene i sentrum i mellomtida blitt bygde ned og òg denne plassen er under press.
Bibliotek og aktivitetshus Foto: Anna Rosa Strassegger
Prinzessinnengärten ligg på Moritzplatz, der det alternative Kreuzberg sitt kvartal SO36 etter kvart går over i den klassiske turistløypa av museum og landemerke, som det jødiske museum, Berlinische Gallerie og Check-point Charlie. Det er ein stor hage, eller rettare eit stort hagelandskap, med ei rekke avdelingar. Hagen er oppkalla etter den eine av gatene den ligg inntil; Prinzessinnenstrasse. Namnet tydar «prinsessehagar», og staden har element av eventyr. Gjerdet rundt er tilgrodd til høgt opp i lufta, med ein rosa pipeportal med klatreplanter og eit vel så rosa namneskilt markerer inngangen. Ein aktivitetsplan vitnar om at dette er ein open stad og korkje vegen inn til eit tilgrodd slott eller ei«privat» sfære. Berlinarane er vorte skeptiske til at turistar, såkalla «gentrifiseringsfaktorar», kjem for nær innpå deira meir private sfære, og du risikerer å få slengt ein saftig berlinsk sarkasme etter deg for å knipse vilt med kamera i «deira» område.
Bønner og urter tek bort merksemda frå kontorblokka i bakgrunnen Foto: Anna Rosa Strassegger
Nabolagsakademiet held debatt om kven som eig bakken Foto: Anna Rosa Strassegger
Innanfor opnar ei overveldande grøn, fargerik og fantasifull verd seg i dyrkesesongen, som er frå mars til oktober. Her kan kven som helst vere med på drop-in hagearbeid to gonger i veka, ein kan gå på yoga, og ikkje minst er det ei heil rekke med arrangement, marknadar og kurs. Det ersykkelverkstad, butikk for gjennvunne materiale, bikubar av sorten tophive i fleire ulike fasonger, plassert ved sida av ein liten leikeplass og ein staudehage som lovar ut espresso og hundekvalpar til alle ungar som tek vegen innanfor gjerdet, her er urter, små hus, byte-bibliotek med fusballbord, forsamlingsrom, søppelmonstertrone, eit lite skogholt og ein stor grafittivegg. Det meste er fritt tilgjengeleg - ein gjev kun frivillige donasjonar eller arbeidsinnsats. I kjernen av det heile ligg ein liten utandørs kafé med spanande vegetarisk mat, ofte laga av råvarer frå hagen, alltid frå økologiske garder frå landet. Kafeen tek seg rett nok betalt, men inntektene bidreg til å finansiera hagen.
Eg møtte to av dei som engasjerer seg i hagen; kunstnaren Åsa Sonjasdotter og grunnleggar Marco Clausen. Åsa Sonjasdotter er busett i Berlin og til tider Noreg. Ho har drive eit potetprosjekt i Prinzessinnengärten, der ho dyrka fram gamle potetsortar som heldt på å døy ut. Ein av dei frivillige i hagen held no liv i desse potetene, medan Åsa fokuserer på å avle fram nye sorter. Ho har òg vore med og sett i gang eit nabolagsakademi, «Nachbarschaftsakademie», etter modell av eit initiativ ho starta medan ho underviste kunst i Tromsø. Dette nabolagsakademiet held foredrag, debatter og filmvisningar omkring ulike tema knytte til urbant jordbruk, berekraft og både sosiale og miljøorienterte moglegheiter for byutvikling. Eit av temaa dei har diskutert er urbant jordbruk og «urban commons», eller ei form for allmenning. Korvidt Prinzessinnengärten kan sjåast som ein from for common er eit spørsmål eg har spurd både Sonjasdotter og Clausen om.
Aktivitetshus om hausten Foto: Anna Rosa Strassegger
Fundament for trestrukturen Foto: Anna Rosa Strassegger
Kort oppsummert er dette eit liknande prinsipp som ved creative commons og ein del av den ikkje-kommersielle delingsøkonomien. Ein common er ein felles ressurs, som vert delt av ei gruppe interessentar, og vert teken vare på av desse, uavhengige av staten. Ein forhandlar fram regler for bruk i fellesskap, med eit flatt hierarki. Tidlegare har utmark som eignar seg til beite vore ein allmenning, eller common. Det engelske omgrepet var viktig for bøndene før jordreformene som privatiserte all eigedom. I urbanismen byrjar omgrepet gradvis å få fotfeste. Ein common vert sett på som korkje privat eller offentleg, men ein stad i mellom, eller eit tredje alternativ. Ingen er eigar, men det ligg til grunn ein sosial struktur av brukarar som tek ansvar for vedlikehaldet. For å ikkje å ende i kaos og overutnytting av ressursen (eks overbeite), så må der forhandlast visse speleregler, ein del av ein prosess som ofte vert omtalt som «commoning». Denne prosessen innber gjerne òg det å starte å bruke eit gode som ein common, for etterpå å få tilkjent rettane.
Ein idé bak Prinzessinnengarten er å tilgjengeleggjere meir eller mindre offentlege areal der kven som helst kan ha tilgang til å dyrke. Ideelt sett skulle det heile verte sjølvorganisert og regulert gjennom ein sosial forhandlingsprosess mellom aktørar på staden. Delvis er det óg slik, det meste av den operative drifta vert avgjort av hagetreff og gartnartreff. Sonjasdotter utdjupar at det heile ikkje fungerar i bysamanhengen, då byen aldri vil gje frå seg eigarskap og kun vil leige ut arealet. Det same poengeterer Marco Clausen. Leigekontraktar treng ansvarlege partar, og let seg difor ikkje nytte slik. Nomadisch Grün gmbh må difor stå som leigar, og dei for selskapsdrivarane er juridisk ansvarlege for det som skjer på staden. Det gjer at den flate hierarkiske organiseringa og demokratiutviklinga som ein har hjå commons ikkje fungerer her. Clausen kommenterer at det alltid er han eller Robert Shaw som som må føre sjølvmeldinga og at dei står ansvarlege for å gjere det beste for føretaket. Leigekontrakten set føringar for kva som kan skje på staden. Eit eksempel Marco trekk fram er att det ikkje er mogleg for ei gruppe å bestemme at dei neste dag skal byggje sjølvorganiserte bustadar for flyktningar på Moritzplatz, då dette ikkje er fastsett i kontrakten. Kontrakten fastset i at det på staden skal drivast hagearbeid og undervisning.
Kaféen og naboen sin gavlvegg Foto: Anna Rosa Strassegger
Marco Clausen er einig med Sonjasdotter om at hagen ikkje er ein urban common slik den er i dag. Hagen er eit forsøk på å sette i gang ein diskusjon, men er ikkje sjølv svaret på den beste utviklinga av ein slik stad. Ved sida av å drive hagen engasjerer Marco Clausen seg òg i foreininga Common Grounds og i å utforske moglegheitene i ein slik form for organisering av visse byrom.
Slik eg ser det ligg det i dette ein kritikk av manglande moglegheiter i dagens offentlege rom. For at alle skal ha lik rett til det offentlege rom så har ingen rett til å påverke det på eige initiativ. Grøntområda er berre til korte visittar. Samstundes krympar dei offentleg eigde areala, uterom som plasser og fortau kan verte selde til private aktørar mot at dei gjer att ei eller anna definert teneste som byen ikkje har råd til å tilby. Commons er eit alternativ til kommersialiseringa av byromma.
Prinzessinnegärten er blitt ein aktør i byutviklingsdebatten. Dei kallar seg pionerar og kontrasterer det til mellombels bruk. Pionerplantar er dei fyrste til å gro ein stad, og forbetrar jorda og omgjevnaden sin, slik at andre planter kan gro etter kvart. Prosjektet vert slik sett som pionerverksemd for byøkologi og urbant jordbruk. Den nyaste tilskotet i haust var at arkitektstudentar mm. fundamenterte i over ein månad og skulle reise ein større trestruktur. Det vert eit arkitektonisk innspel omkring byøkologi, og omkring korleis ein organiserer bygging av hus. Florian Köhl frå FAT Koehl er arkitektbyrået bak strukturen. Det skal reisast ein open struktur av massivt tre, over ti meter høg. Denne skal så stå open for at folk eller grupper med ein idé kan bygge ut romma innafor. Byggeløyvet er mellombels, men tanken er at strukturen skal kunne utvidast. Moglegvis til heile kvartalet. Og vise at prosjekt som gror ut av lokalt engasjement og økologisk aktivisme ikkje treng å verte utnytta som eit forstadium til ein fornyingsprosess som går inneber fortrenging.
Marknad Foto: Anna Rosa Strassegger
Nøgd besøk Foto: Anna Rosa Strassegger