Helge Høifødt CC BY 3.0 via Wikimedia
Drammenskonferansen er ein konferanse med fokus på innovativ by- og stadsutvikling, og har blitt arrangert årleg sidan 2009. Målet er kompetanseutvikling, og å presentere nye grep på komplekse utfordringar. Årets konferanse var eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Buskerund, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, Drammen kommune og Husbanken. Foredragshaldarane var folk som arbeidar med byplanlegging både lokalt og ulike stader i Europa.
Kjersti Børve Skjelbreid, Student By-regionplanlegging NMBU
Drammen og Union Scene er ein kjempefin stad å arrangere ein konferanse om byutvikling. Drammen by har fått eit fantastisk løft dei siste tiåra, med blant anna rensing av elva, den nye kunnskapsparken på Papirbredden og oppussinga av Bragernes torg. Drammen kommune har tatt store grep for å fornye byen, og Drammen kommune har vore ein del av FutureBuilt-programmet, som har fokus på klimanøytrale byområde og arkitektonisk kvalitet. Union Scene held til i dei gamle papirhallane ved elvebredda på Strømsø, og bygget har eit fantastisk særpreg og sterk arkitektonisk kvalitet.
Deltakarane blei plassert i grupper rundt små bord foran scenen, i staden for på rekker av stolar eller i ein aula. Det var lagt opp til debatt med foredragshaldarane, og diskusjonar om det aktuelle temaet rundt borda etter kvart innlegg. Dette var ein veldig god idé, og sjølv om det nokon gongar føltes litt påtatt å diskutere eit tema bestemt på førehand, var det positivt å kunne gjere noko anna enn å berre lytte heile dagen. Dette gjorde det også lettare for dei som ynskja å mingle, knytte kontaktar og utveksle erfaringar.
Nye og større bykommunar
Årets tema var: den nye byen. Eitt av fokusa var på korleis nye og større bykommunar kan bidra til å løyse utfordringane i bypolitikken, men samtidig oppretthalde særpreg og identitet. Spørsmål som vart stilt i byrjinga av konferansen, og som fleire av foredraga tok stilling til, var:
- korleis kan nye og større bykommunar bidra til å løyse utfordringane i byutviklinga, men samtidig oppretthalde særpreg og identitet?
- Kva ansvar og rolle bør kommunen ha i planlegging, utvikling og gjennomføring av den nye byen?
- Er det behov for nye samarbeidsformer mellom offentlege og private aktørar i byutviklinga?
Utfordringar i planlegging i Nord-Irland
Diana Fitszimons, som er visepresident i IFHP (International Federation for Housing and Planning), haldt innleiingsforedraget om sitt arbeid i Belfast, og gav ein spennande beskriving av forholda og utfordringane ved planlegging i Nord-Irland. Nord-Irland pregast framleis av konflikten mellom katolikkar og protestantar – det finst blant anna høge gjerder mellom boligområde, såkalla gable walls. Planleggarane må også forholde seg til både irske og britiske offentlege institusjonar, og har i tillegg same utfordringa som i Noreg: forholdet mellom statleg og lokale politiske institusjonar. I Belfast har planleggingssystemet gjennomgått reformar som har gjort planlegging raskare og enklare.
Ho har mellom anna arbeida mykje med planlegging av sosiale boligar, og understreka viktigheten av at desse ikkje blir plassert i eit eige område, men spreidd jamt rundt i byen saman med privatboligar. Ho viste fleire gode døme der boligprosjekt har blitt planlagt og bygd med både sosiale boligar og private boligar, både for kjøp og utleige.
GeographBot CC BY 2.0 via Wikimedia
The Titanic Quarter
Eit veldig spennande prosjekt ho fortalte om, var the Titanic Quarter: eit nytt boligområde bygd på eit tidlegare industriområde, der det (slik namnet avslører) tidlegare vart bygd store skip. Det svært kjente skipet som gav namn til området, og det faktum av befolkninga gjerne identifiserer seg med den store industrien som har vore avgjerande for Belfast, har gjort boligområdet til eit veldig kjent og attraktivt prosjekt. Dette er eit kjempeflott døme på god bruk av tidlegare industriområde til boligbygging, noko som definitivt er ein viktig del av dei nye, voksande byane både i Irland, Norge og resten av verda.
Etter fleire andre spennande foredrag var det tid for underholdning, kjempebra framført av den lokale slampoeten Fredrik Høyer.
Kommunesamanslåing versus samarbeid på tvers av kommunegrensene
Eit anna fokus på årets konferanse var nye og større bykommunar, og nye samarbeidsformer. Plansjef Vivian Krøll frå Sønderborg kommune sør i Danmark fortalte om samanslåinga av 7 kommunar til éin, i kommunereformen i Danmark i 2007. Ho diskuterte kommunesamanslåing opp mot det å ha økonomisk kontakt over kommunegrensene, og understreka kor viktig det er å knytte arbeidsmarkeder saman. Eit døme på alternativet til kommunesamanslåing, altså eit betre samarbeid på tvers av kommunegrensene, fekk vi høyre om i foredraget til Gunn Jorunn Aasland. Ho er direktør for kultur og byutvikling i Stavanger kommune, og fortalte om samarbeidet om boligbygging i kommunane på Nord-Jæren (Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg). Samarbeidet starta for å kunne håndtere den sterke veksten i dette området på ein god måte, og dei fire kommunane har hatt eit felles fokus på områdets historie, dagens utfordringar og evaluering av kommunale virkemidler for å håndtere boligbygging. Eit viktig mål i planlegginga er fortetting, og området har lågare befolkningstetthet, lågare utleigeandel og høgare andel eneboligar samanlikna med liknande områder i Norge. Meir fortetting, spesielt i Stavangerområdet, og lågare andel eneboligar er blant måla dei har satt seg. Samarbeidet mellom kommunane har fungert bra, og også utbyggarane har ønska det velkommen.
Framtidas Lillestrøm
Konferansen vart avslutta med ein visjon om framtidas Lillestrøm, som høgst sannsynleg kjem til å være ein stor by i løpet av ein generasjon. Lillestrøm veks, som resten av Osloregionen, og er estimert å nå 100 000 innbyggarar innan 2045. Marit Heiberg er prosjektleiar for Kunnskapsbyen Lillestrøm, som består av over 120 bedriter som samarbeider om næringsutvikling og kunnskapsdriven byutvikling. Dei har landets fremste forskningsmiljø på fornybar energi.
Ei utfordring når denne enorme veksten skal planleggast og handterast er, slik som mange andre stader, arealer. Flyplassen tar i dag opp store arealer, det same gjer «leireområda» rundt dei to elvene Nitteelva og Leira. Det kan gjerast mykje spennande langs desse elvene.
Foredraget hadde ein spennande vinkling, og prosjektet har sterkt fokus på framtidas generasjonar og korleis Lillestrøm skal sjå ut for dei.
For å oppsummere: konferansen var godt gjennomført, og fleire av foredraga hadde svært høg kvalitet. Drammenskonferansen har kome for å bli, og forhåpentlegvis fortsetter dette å bli ein årleg begivenhet.
Les meir om drammenskonferansen på http://drammenskonferansen.no/2015-den-nye-byen/