Omslag frå boka, Cappelen Damm
Bokmelding av Olav Brostrup Müller: Kjedet Enebolig – Rapport fra provinsen.
Tore Syvert Haga, Nettredaktør KOTE, utdanna byplanleggar frå NMBU
Korleis er det å flytta frå studiebyen til heimbyen, frå metropolen til provinsen, frå bygarden til ein kjeda einebustad? Det er tilsynelatande temaet for Olav Brostrup Müller si bok. Han fortel om korleis eit ungt par med to små barn flyttar frå Oslo sentrum og etablerer seg i utkanten av heimbyen hans, Lillehammer. Boka er bygd opp gjennom å skildra nokre kontrastar:
Kontrastar mellom ungdomslivet, med inntak av større mengder alkohol, seine kveldar og hipp musikk, og småbarnsfarlivet, med lite fritid og mykje Hakkebakkeskog-musikk. Kontrastar mellom det å bu i, visstnok, yrande og pulserande Oslo og i utkanten av søvnige Lillehammer. Kontrastar mellom den gamle jobben som journalist i Klassekampen, Noregs beste (og mest sjølvhøgtidelege?) avis, og den nye jobben i Gudbrandsdølen Dagningen, regionavisa med sete i Lillehammer. Kontrastar mellom før og no, draum og verkelegheit.
Boka skildrar Lillehammer og nabolaget som ein stad som er bygd opp rundt familieliv, kor ski eller sykkelturar er den einaste legitime flykten for nokså unge, tidvis frusterte menn. Boka er morosam når ho tek opp tema som dei praktiske utfordringane knytta til å pussa opp og halda ved like eit småhus – utfordringar som er spesielt utfordrande for akademikarar som til no berre har budd i blokk. Audmjukinga når svigerfar lett ordnar opp; maktesløysa i å måtta bruka mykje av dei kreftene ein har på noko ein eigentleg ikkje liker å driva med. Og samstundes: Gleden ved framgang, reirbyggar-instinktet som vaknar.
Meir enn musikk
Han skildrar sterke kjensler rundt Hakkebakkeskogen-CD-en, som ungane insisterer på å høyra heile tida. Eg les dette som eit bilete på noko større. Det handlar ikkje om musikk, men om tidsbruk og fridom. Mange stadar i boka utrykkar han frustrasjon over situasjonen, over den tapte fridommen og at ungdomstida er forbi. Nokon gonger tek han bilen og køyrer rundt om kring, for å kunne vera for seg sjølve, slappa av og spela musikk etter eige val. Men han blir i Lillehammer, og valde sjølve å flytta tilbake.
Boka er kanskje på sitt finaste når ho skildrar valet om å flytta heim, bygd på ei snikande kjensle av at det var det einaste rette. Her omtalar forfattaren dillemma som mange unge i same livsfase kjenner på. Skal ein bli buande i storbyen, eller flytta heimover før alle der heime er vekke? Seinare kjem han ikkje serleg ofte tilbake til denne grunngjevinga.
Mentalt
Undertittelen ”Rapport frå provinsen” vekka mi interesse for boka, ved sidan av det at det er nokså få bøker som er oppkalla etter spesifikke bygningstypar. Men eigentleg handlar boka nokså lite om provinsen og by og land. Hadde forfattaren kjøpt eit småhus på Lørenskog eller Haugerud eller Ullern i staden for Lillehammer hadde det aller meste i livet hans vore likt. Han hadde framleis måtta høyrt barnemusikk i staden for The Smiths. Han hadde møtt dei same utfordringane rundt finsnekring og montering av badekar. Han hadde kanskje òg erfart at mosjon på hjul eller plastikkpinnar med smøring er ein populær fluktmekanisme for menn i middelklassen. I den grad boka handlar om provinsen er det vel provinsen inni oss – at ein i ein livsfase blir mindre orientert mot verden utanfor, nye menneske og opplevingar, og meir orientert innover, mot heimen og familien. Ein blir, så og seia, provinsiell i ei nedlatande tyding av ordet. Men denne provinsialiteten finn du nok både i by og land.
Boka er kategorisert som sakprosa. Spør du meg kunne det like gjerne ha vore skjønnlitteratur, eg kan tenka med mange skjønnlitterære bøker som er meir sakprosa enn dette. Kva merkelapp forlaget og forfattaren sett på boka er likevel ikkje så farleg. Boka er velskreven, lettlest og underhaldande. Om du liker å lesa, og det gjer du sikkert sidan du har lese heilt til botns i denne teksten, er det ingen grunn til at du ikkje skal lika denne boka òg. Men ikkje forvent nokon nye tankar om provinsen eller kjeda einebustadar. I beste fall er boka ei fin skildring av det å bli vaksen.
Døme på kjeda einebustadar, fotografert av Mesterhus Moss.