Foto: Robobobobo
Mange er skuffa over bustadmeldinga, som inneheld få store grep. Men heilt utan tiltak er meldinga ikkje.
Tore Syvert Haga
Student By- og regionplanlegging, ILP, UMB
”Fjellet som fødde ei mus” er ei gamalt ordtak. Med det meinast i fylje Store norske leksikon at store og krevjande førebuingar har gjeve eit lite resultat. Omgrepet blir tidvis brukt for typiske antiklimaks. Mange vil kanskje meina at bustadmeldinga er nettopp det, eit antiklimaks. Eg meiner at sjølv om meldinga skyv mange spørsmål framfor seg, avviser ein del gode framlegg og ignorerer ein del viktige verkemiddel, er ho eit framsteg samanlikna med den førre Bustadmeldinga. Ho inneheld mykje god analyse og ein del konstruktive grep. Fjellet har ikkje fødd ei mus, men ein kanin. Ein kanin er framleis liten, men ein god del større enn ei mus, og langt betre både som mat og som kjæledyr.
Mange ulike aktørar har hatt, eller har latt som om dei har hatt, store forventingar til denne meldinga. Dei siste åra har bustadpolitikk segla stadig høgare opp på dagsorden i media og den offentlege debatten. Både byggenæringa, ymse politiske parti og ulike interessegrupperingar for grupper som er svakt stilte på bustadmarknaden har stadig kome med nye utspel. Samstundes har det gått eit offisielt løp i regjeringsapparatet, som starta med nedsettinga av eit utval som skreiv ein Norsk Offentleg Utreiing. Utreiinga, NOU 2011:15 kom, såg, blei sendt på høyring og inngjekk i departementet sitt arbeid med å laga ei stortingsmelding. Denne meldinga har så blitt utsett fleire gonger, på grunn av intern usemje i regjeringa. Kvar gong ein representant frå regjeringa har fått ei bustadpolitisk utfordring dei siste åra har dei svart at ”Det må me komma tilbake til i bustadmeldinga”. No er bustadmeldinga her, spørsmålet er kor mykje som eigentleg er avklart, og kor mykje som skal endrast.
Skatt og nybygging
NOU 2011:15 hadde to ramer rundt arbeidet sitt, som smalna inn feltet dei jobba med. For det fyrste slo mandatet regjeringa hadde gjeve utvalet fast at skattespørsmål ikkje skulle vurderast. For det andre såg utreiinga ikkje på bustadbygging, berre på den bustadsosiale politikken i snever forstand. Bustadmeldinga har òg teke på seg den skattepolitiske tvangstrøya. Meldinga analyserer kva verknadar skattepolitikken har for bustadmarknaden, og stikk ikkje under ein stol at dagens ordningar forsterkar ein del bustadpolitiske utfordringar. Samstundes føreslår meldinga ingen endringar. Ikkje eingong eit nytt steg i retning skjerpa skatt på bustad nr to blir signalisert.
Til skilnad frå NOU 2011:15 ser meldinga på generell nybyggingspolitikk. Det er på dette området at meldinga kjem med dei klaraste signala. Gjennom endringar i plan- og byggesaksregelverket tek regjeringa sikte på å stimulera til auka nybygging. Auka nybygging framstår som eit mål både for å dempa prisveksten i visse bustadmarknadar, og for å sikra nok bustadar til framtidig folketalsvekst. Endringane som blir føreslegne er ikkje revolusjonerande, men heller ikkje ubetydelege. Dei fleste står i kapittel 4.
- Ein del rettleiande råd til kommunane om korleis planverktøy bør brukast, som ikkje medfører juridiske endringar.
- Regjeringa vil vurdera kva rom kommunane skal ha for å bruka rekkefyljeføresegner.
- Regjeringa vil leggja til rette for at plan- og byggesak skal kunne gjerast samla etter dei lettaste reglane (byggesak), ikkje dei mest krevjande (plansak).
- Høgare tersklar for søknadsplikt for byggetiltak, for å få kortare sakshandsamingstid.
- 5-årsregelen for private detaljplanar skal kanskje fjernast.
- Samordna statlege motsegner, for å unngå for mange og internt motstridande motsegner. Få meir einskapleg nasjonal praksis på motsegner, unngå at nokre Fylkemenn er ekstra strenge.
Alle desse tiltaka er forenklingar/liberaliseringar som tek sikte på å unngå at offentleg styring forsinkar nybygging. Samstundes kjem regjeringa òg med framlegg om å styra meir aktivt for å få meir nybygging.
- Presisera mulegheit for å ekspropriera byggetomter som ikkje blir bygd ut av private innan rimeleg tid.
- Bustadforsyning skal forsterkast som eit omsyn i statlege føringar for planlegging. Fylkesmannen skal altså ikkje lengre berre passa på matjord og salamandrar, dei skal og ta omsyn til bustadproduksjon.
- Tydelegare rolle for Husbanken sitt Grunnlån, serleg for å motverka at finansielle nedgongskonjunkturar får for store negative verknadar for bustadbygginga.
- Vurdera å endra jordskiftelova, for å gjera det lettare å bruka urbant jordskifte. Dette kan gjera det lettare å gjennomføra byggeprosjekt innanfor byggesonen, med mange og usamde grunneigarar.
Kort sagt tek meldinga opp i seg at bustadbygging er eit politisk ansvar. Sjølv om dei færraste meiner at kommunen eller staten skal bygga nye bustadar, må styresmaktene legga til rette for at det blir bygd nok bustadar. Det skal skje både gjennom å unngå at styringsverktøy for å ivareta andre mål (som plan- ogbyggesakssystemet skal) i for stor grad hindrar nybygging, og gjennom å styra private grunneigarar og kommunar meir aktivt på visse område. Meldinga er langt tydelegare enn Høgre-regjeringa si bustadmelding på dette området. Tilhengarar av sterkare politisk styring av bustadproduksjonen vil nok likevel sakna tiltak for å gjera det lettare for kommunar å føra ein aktiv tomtepolitikk, noko som gjev langt betre styringsmulegheiter enn reguleringsmynde etter Plan- og Bygningsloven gjev.
Få sosiale grep
Når det gjeld politikk for å påverka kven som får tilgang på bustadane, er meldinga mindre konkret. Regjeringa avvisar framlegget i NOUen om å styrka bustad som rettigheit. Kommunane får framleis ikkje noko plikt til å skaffa folk eit varig butilbod. Ein del interesseorganisasjonar har vore opptekne av dette, fordi dei håpar det vil gje eit betre bustadtilbod til dei mest vanskelegstilte. Kommunane har derimot frykta endå ein lovfesta rett (som for dei blir ei plikt), og at det skulle vera vanskeleg å vita kva slags rettskrav lovfestinga eigentleg gjev. Med SP, lokaldemokratiets fremste forsvarar i Kommunaldepartementet, er det ikkje noko stor overrasking at bustad ikkje blir rettigheitsfesta. På eit område blir utsette grupper sin stilling noko styrka, gjennom at tidsavgrensa leigeavtalar i utgangspunktet skal vera fem år, ikkje tre år.
Meldinga avvisar òg ideen om ikkje-kommersielle utleigebustadar som ein tredje utleigesektor. Det blir argumentert med at det er uklart kva ikkje-kommersielle utleigebustadar er, og kven målgruppa for dei er. Vidare blir det argumentert med at denne type bustadar innebærer ikkje-målretta subsidier. Dei meiner kommunale utleigebustadar, omsorgsbustadar og studentbustadar bør prioriterast framfor ikkje-kommersielle utleigebustadar. Dette vil nok vera skuffande for mange, serleg i SV, som lenge har jobba for ikkje-kommersielle utleigebustadar. Utan ein statleg politikk for denne bustadforma, blir det endå vanskelegare å få gjennomslag for dette i lokalpolitikken.
"Regjeringa vil vurdera"
Den største svakheita til meldinga er dei mange punkta kor det blir sagt at ”regjeringa vil sjå på” og ”regjeringa vil vurdera”. Når ei regjering har sittet i åtte år, og jobba i over 1,5 år med denne meldinga, har dei hatt god tid på seg til å vurdera både det eine og det andre. Når mange av dei viktigaste tiltaka skal vurderast stiller regjeringa seg lagleg til for hogg frå opposisjonen i den politiske debatten.
Meldinga løyser ikkje alle utfordringane i den norske bustadmarknaden (som om noko melding kunne gjera det med eit slag) , men inneheld ein del mindre tiltak på dei fleste område. Om ein synst regjeringa går for langt eller for kort vil komma an på fagleg og politisk ståstad. Mitt syn er at regjeringa går for kort, men at ho i hovudsak går rett retning.