Foto: brainflakes.org
KOTE ser ved årsskiftet nærmare på kva som vil prega bustaddebatten i 2013. Ei ny stortingsmelding, ein valkamp og eit ganske sannsynleg regjeringsskifte blir sentralt. Stortingsmelding om bustadpolitikken: Når og kva?
Nettredaktør
Regjeringa har lenge sagt at dei snart vil komma med ei stortingsmelding om bustadpolitikken. Meldinga har fleire gonger blitt utsett. Vanlegvis er dette eit teikn på usemje. Liknande utsetjingar har skjedd i fleire andre raudgrøne konfliktsaker. I og for seg er dette eit godt teikn. Hadde meldinga vore fullstendig innhaldslaus, ville ho neppe ha blitt forsinka. På den andre sida kan resultatet av tautrekkingane og forhandlingane likevel bli tannlaust, om utfallet blir at dei kontroversielle og nye framlegga blir fjerna. Skal regjeringa rekka å få meldinga gjennom Stortinget før valet, må ho nok komma før påske. Sperrar intern usemje for dette, vil det vera ei fallitterklæring.
Regjeringa har varsla at meldinga vil ta for seg meir enn den utreiinga som ligg til grunn for ho, NOU 2011:15 Rom for alle. Dette er positivt, fordi denne meldinga omhandla bustadpolitikk i eit veldig snevert perspektiv, fokusert på utfordringane til dei aller mest vanskelegstilte. Bustadproduksjon og bustadtilbodet til folk flest vil måtte bli sentrale tema i meldinga. Spørsmålet er kva slags grep regjeringa eigentleg kjem opp med. Eg fryktar at minste felles multiplum mellom SP-styrt departement som ser ut til å forsvara hovudtrekka i dagens bustadpolitikk samt den styrande fløyen i AP på den eine sida, og eit SV som, saman med andre deler av AP, ynskjer mindre marknad og meir styring og sterkare sosiale omsyn blir å utvida bustøtta og Startlånsordninga, men ikkje på andre måtar bryta med dagens marknadsstyring. Dette vil i så fall vera ganske fånytes, om målet er å dempa prisveksten og letta inngangen til eigarmarknaden for breie grupper av ungdom og lågtlønte. Dessutan kjem nok BSU-ordninga til å bli utvida, ikkje fordi nokon i regjeringa eller departementet faktisk trur det løyser nokon problem, men fordi det nok er eit populært tiltak som kostar relativt lite, og tek frå opposisjonen eit av dei få lettfattelege bustadpolitiske grepa dei har på lager.
Bustadpolitikken i valkampen: Hovudsak eller gløymt?
Det er lenge sidan bustadpolitikk har vore eit sentralt tema i norske stortingsvalkampar. Ved stortingsvalet i 2013 kan det bli annleis. Over dei siste åra har bustadspørsmål segla høgare opp på dagsorden i media, som fylje av den sterke prisveksten. Debatten går om kor vidt det er for vanskeleg å komma inn i bustadmarknaden, serleg for unge eller einslege. Fleire politiske parti har sagt at dei vil gjera bustadpolitikken til ein av hovudsakane i valkampen. Skulle bustadpolitikken hamna høgt på dagsorden vil det for det fyrste auka sjansen for at dei partia som vinn valet føler seg forplikta til å gjennomføra nokon av lovnadane sine (og at opposisjonen passar på at dei gjer det). For det andre vil det uansett bli interessant for oss som bryr oss om bustadpolitikk å høyra partia legga fram sine ganske motstridande løysingar. Dei tre partia som til no har signalisert at dei vil løfta bustadpolitikken er Høgre, SV og AP. Kort sagt seier Høgre ”Styr mindre og bygg meir”. SV seier ”Styr meir og bygg meir”. AP seier ”Bygg meir”.
Tre parti seier altså at bustadpolitikk blir viktig i deira valkampar. Dette er attpåtil ei sak som media bryr seg om, og som vedkjem dei fleste av veljarane. Det skulle tilsei at saka kan bli viktig i valkampen. Det som talar imot at saka blir viktig, er fyrst og fremst historia. Saka har i tidlegare valkampar blitt lite diskutert. Valkampar handlar stort sett om dei same tinga, som skule, eldreomsorg, skatt/fordeling og kven som skal styra landet. Det er sjeldan at ei ny sak dukkar opp og hamnar blant toppsakene i ein valkamp. Miljø gjorde det i 1989-valet, innvandring dukka opp litt tidlegare på åttitalet. EU dukkar plutseleg opp i valkampar kor saka er aktuell, som stortingsvala i 1973 og 1993. Når alt kjem til alt, er spørsmålet om nokon parti verkeleg tørr å gjera noko som inntil nyleg var ein ikkje-sak til ei av sine fremste hovudsakar. Så sant partiet har konkrete og forståelge løysingar som er lette å selja, kan det vinna stort på det. Men det er òg ein fare for at det blir som å ropa i skogen utan å få svar.
Ny regjering, ny bustadpolitikk?
Per januar 2013 tydar meiningsmålingane på at det blir regjeringsskifte, men ein eller annan variant av borgarleg styre. Valresultatet vil nok bli mykje jamnare enn målingane tydar på, og valet kan framleis vinnast av dei raudgrøne. Dei fleste er likevel samde om at det er godt over 50% sannsynleg med regjeringsskifte. Ei regjering har trass alt ikkje blitt vald med stortingsfleirtal i meir enn to valperiodar sidan regjeringa Gerhardsen vann fleirtal i 1957.
Kva slags bustadpolitikk kan ein venta seg med ei borgarleg regjering? Alle borgarlege parti vil nok, på line med dei raudgrøne, vidareføra eigarlina. Det er enda mindre sannsynleg at ei borgarleg regjering vil gjennomføra tiltak som kan oppfatta som å skada interessene til sjølveigarane, som til dømes å gjera om på rentefrådraget, enn at ei raudgrøn regjering vil kunne gjera det. Oppbygging av ein ikkje-kommersiell utleigesektor eller andre tiltak for å skaffa bustadgode kor marknaden ikkje fritt sett prisen, er òg endå fjernare under ei borgarleg regjering. Bustøtteordninga vil neppe bli kutta like mykje som den liberalkonservative regjeringa gjer i Storbritannia, men vil nok vera meir utsett for innsparingar under borgarleg styre enn under raudgrønt. Mange borgarlege politikarar ser ut til å tru at grunnen til at ein del er utanfor arbeidslivet er at det er økonomisk lukrativt, og bustøtta er, utanom sjølve trygdeordningane, ei av dei få støtteordningane som er sterkt behovsprøvd og i praksis fyrst og fremst treff folk utanfor arbeidslivet.
På planleggingsbiten av bustadpolitikken vil mykje avhenga av kor vidt V og KrF får ein lillefinger med i spelet. Blir det blå-blått fleirtal, kan me nok venta oss ein god del endringar, i form av mykje mindre strenge jordvernreglar, generelt mindre vekt på miljøomsyn i forvaltning av areal, fjerning av femårsfristen for gjennomføring av private detaljreguleringsplanar og større opning for private områdeplanar[i]. V og KrF er i desse spørsmåla meir samde med dei raudgrøne enn dei blå-blå. Spørsmålet er i kva grad dei prioriterer å vinna fram på desse områda, eller om dei brukar forhandlingsstyrken sin i heilt andre konfliktsaker, som er viktigare for veljarane deira.
Krava til universell utforming i TEK10 har vore ein viktig del av den bustadpolitiske debatten over tid. I spørsmål om universell utforming er det nok eit sprik mellom H/FrP og V/KrF. H og FrP har i den offentlege debatten argumentert for unnatak frå krava til tilgjenge for ganske store leiligheiter (opp til 70 m2), medan V og KrF tradisjonelt har lagt mykje vekt på funksjonshemma sine rettar. Kompromisset blir nok eit unntak som er mindre omfattande enn 70 m2, men likevel fører til færre tilgjengelege bustadar.
[i] Endringane vil nok likevel bli mindre enn det partia har føreslått i mindretalsmerknadar i inneverande stortingsperiode, eller i sine partiprogram. Ting vil sjå annleis ut frå innsida av regjeringskontora enn dei ser ut i opposisjon, og det er lettare å vera eining med si eiga forvaltning enn det var å godt argumenta frå den tidlegare regjeringa.