Det ser ut til at mange aktørar i den bustadpolitiske debatten trur, eller latar som om dei trur, at BSU er det som skal til for å hjelpa ungdom inn på bustadsmarknaden.
Tore Syvert Haga
Student By- og Regionsplanlegging, ILP, UMB
I statsbudsjettet for 2012 endra regjeringa avkortingsreglane sånn at kapitalinntekter òg tel med når Lånekassa skal avgjera kor store deler av lånet som skal omgjerast til stipend. Ein rettferdsreform, fordi det er urettvist at dei (få) studentane som har store kapitalinntekter skal få dei uavkorta, medan lønsinntekter blir avkorta når dei passerer 145 000 kr.
I fyrste omgang var òg renteinntekter frå BSU inkludert i avkortinga. Ei skeivheit korkje forvaltninga, regjeringspartia, opposisjonspartia eller studentorganisasjonane oppdaga dette då budsjettet var på høyring.
Etter at Dagsrevyen tok opp saka i førre veke snudde regjeringa raskt, og unntok fornuftig nok renteinnkomer frå BSU-sparing frå avkortinga. Det er likevel urovekkande å sjå på reaksjonane på at BSU var ”truga” korleis media, mange politiske parti, bankane og ein del interesseorganisasjonar ser på BSU som ei heilag ku, som helst skal feitast opp mest muleg.
At BSU har ein utruleg høg status ser ein òg i at det stadig er politikarar, helst frå opposisjonen, som er ute og krev at maksimumsbeløpet (som er 150 000) og/eller årleg sparesum (som er 20 000) må doblast. Det blir argumentert med at dette er naudsynt for å hjelpa ungdom inn i bustadmarknaden, og at manglande vilje frå regjeringa til å utvida BSU viser manglande vilje til å hjelpa ungdom inn i bustadmarknaden. Eg meiner tvert om at ei drastisk utviding av BSU vil vera usosialt, og at det er naudsynt med andre tiltak for å hjelpa ungdom inn på bustadmarknaden.
I utakt
Inntektene til dei aller fleste ungdommar i det norske samfunnet veks stadig. Problemet er berre at bustadprisane veks raskare. Difor får stadig fleire unge, både innanfor tradisjonelt vanskelegstilte grupper, og innanfor større deler av befolkninga, problem med å oppfylja sine bustaddraumar. Unge er ikkje ei gruppe, dei er i ulike situasjon etter kor mykje pengar dei tener, og kor store husstandar dei er ein del av.
Dei er i den same marknaden, men har problem på ulike nivå.
- Dei fattigaste har problem med å i det heile teke finna ein bustad dei har råd til å leiga. Dette kan vera folk på ulike trygdeordningar, eller studentar som ikkje får plass på samskipnadane sine studentbustadar.
- Dei som har det litt betre har problem med å finna ein bustad dei har råd til å kjøpa (eller med å spara opp nok eigenkapital til å få råd til dette). Denne gruppa kan bestå av til dømes par med låge eller ustabile lønsinntekter, eller einslege med middels inntekter.
- Dei som har det litt betre enn det igjen har problem med å finna ein bustad dei har råd til å kjøpa ein stad dei ynskjer å bu (eller med å spara opp nok eigenkapital til å få råd til dette). Eit typisk døme på folk i denne gruppa vil vera eit ungt par med middels eller høge inntekter, som ynskjer å bu i den mest attraktive halvdelen av ein by i eit pressområde.
Å auka ramene for BSU kraftig vil fyrst og fremst hjelpa den siste gruppa med å nå sine mål. Det vil gjera lite, eller ingenting, for å hjelpa dei to andre gruppene. Dei som er i desse gruppene har jamnt over ikkje nok pengar til å spara meir enn dagens BSU-grenser tillet. Den siste gruppa vil nyta godt av BSU-utviding, anten det er deira eigne eller foreldra sine pengar som går inn på kontoen. Men bør det eigentleg vera noko offentleg mål å bruka skattepengar til å hjelpa unge i denne gruppa med å realisera sine bustaddraumar?
Bankane i spissen
Det er neppe tilfeldig at det er bankane som står i spissen for ei kampanje for utvida BSU-ramer. DNB, Nordea, Skandiabanken, Sparebank 1 og Sandnes Sparebank driftar mellom anna ”grasrotkampanja” ”Gi oss bedre BSU nå” på Facebook. Auka BSU-sparing vil gje bankane tilgang på meir kapital. Om allereie velståande ungdom får auka mulegheit (og subsidier) til å spara meir i BSU får dei større eigenkapital. Dermed får dei òg større lån når dei skal kjøpa sin første bustad, og bankane får større renteinntekter dei neste 30 åra.
Bankar flest har alt å tena på ein bustadpolitikk som ikkje fokuserer på korleis prisveksten kan dempast, berre på korleis fleire kan få låna nok til å kjøpa stadig dyrare bustadar. Ungdom flest har mest å tena på ein bustadpolitikk som fokuserer på å dempa prisveksten.
Avskaffing?
BSU er eigentleg ei ganske original velferdsordning: Jo sterkare stilt du er i utgangspunktet, jo meir kan du tena på ho. Har du lite pengar, får du kanskje ikkje noko som helst ut av ho. Har du høge inntekter, får du 4000 kr i skattelette. Dette brukar me 770 millionar skattekroner i året på.
I lys av dette kan ein spør seg om heile ordninga bør avskaffast? Dagens BSU-tak er uansett ikkje høgt nok til å dekka eigenkapitaldelen til ein bustad, og ei utviding av taket ville fyrst og fremst ha favorisert dei økonomisk betrestilte.
Likevel har ordninga ein viss positiv funksjon, fordi ho gjer det lønsamt å spara. Dagens samfunn er prega av eit sterkt kjøpepress, og eit ideal om høgt forbruk. Det er fint om BSU kan ”læra” ungdom å spara. Så lenge ordninga ikkje blir drastisk utvida, er ho legitim. Men ei dobling av både årleg sparebeløp og totalsum, sånn som FrP og Høgre har føreslått, vil stort sett gagna dei som ikkje treng offentlege subsidier for å komma inn på bustadmarknaden.
Kva må gjerast?
Hovudgrunnen til at stadig fleire slit med å realisera sine bustaddraumar er at prisane stig, både i leigemarknaden og kjøpemarknaden. Den sterke prisveksten heng saman med ein del fundamentale faktorar i økonomien.
- Renta i Noreg er mykje lågare enn temperaturen i norsk økonomi skulle tilsei, fordi me importerer låg inflasjon frå utlandet, og fordi sentralbanken er redd ein for høg rentediferanse vil pressa kronekursen i været.
- Folketalet veks kraftig, på grunn av ganske høg reproduksjon, og innvandring frå Sverige, Polen og endå lengre vekke.
- Dei fleste opplever auka løner, og arbeidsløysa er låg.
Samstundes er det ein del institusjonelle eller politiske faktorar som samverkar med dei økonomiske, og bidreg til å auka etterspurnaden etter å kjøpa bustadar.
- Rentefrådraget gjev 50-70 milliardar kroner i årlege subsidiar til bustadeigarar. At 28% av renteutgiftene kan trekkast frå på skatten bidreg til at alle kan by litt meir for ein bustad, og resultatet av det er at bustadane blir dyrare enn dei elles ville ha blitt.
- Skattesystemet gjer det lukrativt for rike privatpersonar å investera i å kjøpa fleire bustadar for utleige, framfor verdiskaping i realøkonomien.
- I motsetnad til i mange andre land med ein velferdsstat har norsk politikk oversett utleigesektoren, og gjort lite for å halda prisane nede og kvaliteten oppe her. Difor er det å leiga eit lite attraktivt alternativ for dei fleste. Folk prøver å kjøpa bustad så tidleg som muleg. Om det var betre å leiga, ville bustadkjøparane vore mindre desperate, og i mindre grad bydd mykje over takst.
- Tilbodssida i bustadmarknaden er sterkt regulert. Av gode, og mindre gode, grunnar, har styresmaktene lagt ei rekke reguleringar på bustadproduksjon. Dessutan ventar mange private utbyggarar på endå høgare bustadprisar og endå høgare gevinst før dei bygg på dei ferdigregulerte tomtene sine.
Totalt sett skapar dette for lite tilbod og for høg etterspurnad (har skreve litt lengre om dette her) Dei økonomiske faktorane er vanskelege å styra politisk, og det er ikkje lett å sjå føre seg kva som kunne blitt gjort med dei. Dei institusjonelle faktorane er i motsetnad til dette mulege å gjera noko med. Regjeringa har mulegheiten i kvart einaste statsbudsjett, eller i bustadmeldinga som kjem våren 2013.
Det er soleklart at regjeringa handterte stipendavkorting ved BSU-sparing politisk klønete. Det er òg klart at regjeringa kan kritiserast for å ikkje gjera nok for å hjelpa ungdom inn på bustadmarknaden. Men løysinga for å få til det er ikkje å utvida BSU-ramene. Det trengst fleire bustadar sånn at prisane blir lågare, og politiske grep for å dempa leigeprisane, til dømes utbygging av ein ikkje-kommersiell utleigesektor. Lågare leigeprisar gjer det lettare å spara opp eigenkapital til å kjøpa. Dette vil hjelpa alle ungdommar, ikkje berre dei som har høge inntekter eller velståande og gavmilde foreldre.