Wikimedia Commons. Jens Hausherr. CC
I mai 2007 vart det fleire menneske som bur i urbane område enn på landsbygda. Byane veks. Dei har vakse meir eller mindre sidan den industrielle revolusjonen. Avgrensinga og morfologien har endra seg, og urbane område tyder ikkje lenger klassisk bysentrum. Nye teknologi har endra byplanprinsippa, i takt med samfunnsutviklinga og tekniske nyvinningar. Bilen er eit godt døme frå det 20 århundre. Den var som ein revolusjon.
Skrevet av: Anna Rosa Strassegger - Arkiteturstudent ved AHO
To av dei viktigaste «revolusjonane» frå dei siste tiåra er utviklinga i den digitale informasjons- og kommunikasjonsteknologien (IKT/IT), og, etter kommunismens fall; det internasjonale gjennombrotet til og annekteringa av nyliberalistisk ideologi.1Konsekvensen er ein stadig tettare samanknytt global økonomi og ei forbunden verd. Handel kan skje over heile verda, etter nokolunde same modell, og utan forseinking i tid. Verda kan organiserast heilt annleis. Kommunikasjon overalt er mogleg utan forseinkingar. I ein global marknadsøkonomi kan ein dele opp ulike ledd av produksjonen og spreie den rundt omkring etter kvar det eignar seg best i augneblinken. Effektivitet er målestokken og profitt målet. I denne utviklinga har byen i igjen det fått ei viktig rolle, som sentrum for verdsskapinga. Særleg dei store globale byane vert sentrale i verdsordninga. Økonomisk vekst vert målt etter byane sin BNP vel så mykje som nasjonalstaten sin BNP. Byane konkurrerer innanfor og på tvers av landegrensene. Viktig i denne samanhengen er kven som bur i byen. Det er kopla til Richard Florida si bok,Rise of the Creative Class, som kort formulert seier at det er ein talentfull kreativ klasse som skaper vekst, og at denne trivst i store byar. Mangfald og kulturliv blir måtar å tiltrekke seg dei rette folka og slik skape vekst. Mange kommunar i Noregs land har fått høyre leksa og bygd seg kulturhus.
Eit omgrep som har vakse fram i samanheng med den nye teknologien er «Smart City». Byen er i fokus for den teknologiske utviklinga. Byar, sett som system av system, skal gjerast betre, smartare og meir samkøyrde ved hjelp av informasjonsteknologien. Desse hjelpemidla skal måla, analysera, skapa modeller for og kunne forutseia korleis byen ter seg.2 Det er sjølve måten å løyse byane sine problem det er snakk om.
Det kan vera spanande å sjå på kva som ligg i dette omgrepet i dag. Uteljelege proponentar preikar bodskapen. Eit søk på «Smart City» på søkjemotoren Google i mars [2013] frontar ei lang liste lovord om fenomenet. Det er vorte ein del av berekraftdebatten og er blitt eit prydord som vert set framfor alt frå byplanstrategiar til designhotell. Òg det har kommunane fått med seg og konkurransen er i gang om å vere fyrst ute med å kunne kalle seg «smart».
Wikimedia Commons: hundrevis av meir eller (i dette høve) mindre gode modeller er laga for å forklare kva Smart Cities eigentleg er.
Store internasjonale informasjonsteknologiselskap som IBM, Cisco, Samsung, Siemens m.fl. engasjerer seg i denne utviklinga og skapar system som skal hjelpe byane med å bli smarte byer. Ikkje berre på overflata, med ein smart bydel eller ein smart sektor, men helst i eit fullintegrert system. IBM kan på sine heimesider tilby løysningar for å få «smarte»: analyser, bankverksemd, bygg, handelstilrettelegging, byar, skyberekningar, handel med varer og service, kommunikasjon, utrekning (computing), utdanning, elektronikk, energi, mat, styresett, helsevesen, forsikring, marknadsføring, media, mobil entreprisar, olje og gas, produkt og service, offentleg tryggleik, jernbane, detaljhandel, tryggleik og vernebuing, sosial handel, berekraft, trafikk, transportsystem og vatn. Dette er ulike sektorar, men til saman utgjer dei særs mange av funksjonsområda til ein by, og er ein del av IBM sitt «smart planet» program.3
Rio de Janeiro
Ein av dei fyrste storbyane til å testa ut IBMs Smart-City-program er Rio de Janeiro i Brasil. I samband med tildelinga av både fotball-VM i 2014 og OL i 2016, såg byen eit behov for å oppgradera si vernebuing ved naturkatastrofar og den generelle infrastrukturen og tryggleiken i byen. Rio er til tider utsett for ofselege naturkrefter. I regntida kan det kome flaum og ras med katastrofale konsekvensar. Favelaene, dei uformelle busetnadene som ofte er oppretta i uregulerte skråningar, er særleg utsette for jordras, medan trafikken rundt om stagnerer når vatnet fløymer over vegane.
Etter at regnvêr i april 2010 førte til ras og flaum som tok livet av 70 personar og stogga aktiviteten i byen, vedtok ordføraren Eduardo Paes at eit nytt vernebuingssenter skulle opprettast. Leiande internasjonale teknologiselskap gav råd og bystyret avgjorde at dei skulle gå eit steg lenger, og dei oppretta eit toppmoderne sentralt driftssenter (Centro de Operacoes Rio). Dette samlar overvaking av vêr og trafikk og skal etter kvart, ifølge marknadsføringa, koordinera alle offentlege verksemder i byen. Sentralen har vore i drift sidan 2010 og liknar eit av bakkekontrollsentra til NASA ein kjenner frå film; eit stort rom med analytikarar med skjermar og headset, og ein enorm skjerm med oversikt over informasjon frå byen, lokalisert på eit kart og overført i direkte tid. Samsung donerte skjermen på 80 kvm, og Cisco overvakings- og kontrolleringsutstyr, blant anna 800 trafikkamera som, saman med ei rekke vêrstasjonar og mobile einheiter, tek opp informasjon til skjermen.4 IBM fekk fullmakt til å koordinera det heile, dei seier sjølv dei fekk ei «ordføraroppgåve».5
Wikimedia Commons. Source: Flickr. Author: Chensiyuan. Rios Favela
Tiltaka vart sette i live i samband med fysiske inngrep for å betre infrastrukturen. Eigne busstrasear vert oppretta for BRT-superbussar som skal gje effektiv kollektivtransport med høg hastigheit til ein knapp majoritet av Rios innbyggjarar. I tillegg til å letta det daglege arbeidet med å unngå trafikkorkar i ein byen med stor vekst vert systemet òg nytta til arbeid mot kriminalitet. Det er sett inn store politistyrker til å passivisere favelaer som vert styrte av narkogjengar, og også i desse områda vert det gjort infrastrukturelle grep. På ein open plass vert det planlagt ein kunnskapspark, med 3D kino og all teknologi tilgjengeleg for å få favelaungdom kopla på nett. Programmet «Morar Carioca» inneber bl.a. bygging av veger, at tomtene vert regulerte, oppmåla, registrerte og salbare. Dette innber òg at desse stadane vert innlemma i eigedomsmarknaden, førar til vekst i denne og som ei følje kjem det opptil 300% auke i husleige for enkelte favelabuarar.
Den amerikanske journalisten og bloggaren Julia Michaels har spekulert i ein samanheng mellom nedgang i dopsal blant unge og deira bruk av teknologi som gjev dei moglegheita til å «drøyme om og eksperimentere med framtida si på same måte som middel- og overklasseungdom». I eit blogginnlegg6poengterer ho at det er forska for lite på dette, men meiner at det skjer verkeleg endring i Rio. Dei sosiale strukturane og kriminalitetsnivået ikkje er kulturelle gjevne, men avhengig av andre moglegheitene som er tilgjengeleg. Ho underbygg det med funn om at dopseljarar ofte ikkje starta med denne verksemda før deira fyrste, legale verksemd gjekk konkurs. Ein kan altså tenke seg at allmenngjeringa av informasjon slik vil kunne ha ein utjamnande verknad ved å opne opp nye moglegheiter for grupper som tidlegare vart haldne nede.
Det sosiale aspektet er viktig og komplisert i planlegging. Favelaene er eit eksempel på at samfunnsmessige ujamne strukturar med opphav i slavetida har forplanta seg og ført til uformelle busetningar utan ordentleg infrastruktur. Tidlegare planlegging har sett på områda som eit problem, ikkje anerkjent dei og lagt viktig infrastruktur utanom, noko som gav effektive vegar for dei som kunne nytta dei, men som ikkje var til gang for slumen. Forbetring vart ofte løyst med riving av favelaer og bygging av nye bustadar ute i periferien, noko som i tillegg til å øydelegge sosiale band, lokal kultur og tilhøyrsle, flytta folk bort frå økonomiske moglegheiter i sentrum. Rios Smart City-satsning fekk i 2016 kritikk for at trafikkamera i overvekt er monterte i velhavande område og at dei store trafikkproblema i sentrum difor ikkje let seg fullstendig overvake og løyse.7
Spørsmålet om korleis byplanlegginga skal handtere kompliserte samfunnsmessige utfordringar er ein pågåande diskusjon. Det kan vere nyttig å sjå dei pågåande «Smart City» planane i denne konteksten.
Wikimedia Commons
Teknikk, sosial reform og sosial rettferd
Peter Marcuse, professor i byplanlegging ved Columbia University, har skrive ei oppsummering av moderne byplanlegging8 der han set opp ein praktisk skilnad mellom tre ulike hovudstraumar innan tradisjonen; ein teknisk straum, ein som er oppteken av sosial reform og den tredje av sosial rettferd. Skiljet går på kva dei ynskjer å oppnå, eller kva verdiar som ligg til grunn. Planlegging av det siste, sosial rettferd, legg som namnet tilseier vekt på å oppnå sosial rettferd, frå perspektivet til dei utan makt, ofte for å gjera myndig. Den andre, sosial reform tradisjonen, ynskjer ei betring av tilhøva til dei som har det dårlegast. Målet er på fleire vis det same, men denne tradisjonen vil ikkje òg bryta med dei grunnleggjande strukturane og liva til dei velhavande og set i staden iverk ovanfrå-og-ned tiltak. Dei mektige forbetrar tilstandane til dei lågast stilte, men utan å endra sine eigne tilhøve. Ei form av dette er velgjerd (veldedighet), som har vore kritisert, då velgjerd ofte kan koma frå ei kjensle av å synes synd på, som raskt kan gå over i forakt. Den du tykkjer synd om er deg ikkje likeverdig. Og blir umyndig mottakar av hjelp.
Teknisk planlegging har effektivitet som mål i seg sjølv, og nyttar ingeniør-løysningar på alle problem i byen. Opphavet til moderne byplanlegging kjem frå dette. Marcuse vel å døypa denne plantradisjonen for teknisistisk, då det jo ikkje finnest nokon plan som med hensikt er uteknisk. Det som skil denne typen planlegging frå dei andre er at den set teknikken fremst. Han kallar den underdanig21, då den ikkje set spørjeteikn ved hensikten med planlegginga, men i staden forsøkjer å løysa oppgåva på mest effektiv måte, ut frå allereie gitte premiss. Denne planlegginga vert konservativ i sitt vesen. Etablerte, ofte urettferdige, maktstrukturar vert haldne oppe av den, og Marcuse verkar ikkje overtydd om at verkeleg endring og rettferd i verda kan oppnåast på denne måten. Likevel er dette den mest utbreidde plantradisjonen.Isolerte CBD (central business districts) er eksempel på teknisistisk planlegging som kan oppnå sitt mål, til glede for ei priviligert gruppe.
Rio Night. Wikimedia Commons. Source: Flickr. Author: Rosino. cc-by-sa-2.0
Smart City strategien til IBM, som vert prøvd ut i Rio de Janeiro, er også teknisistisk, med tru på teknikk og vetenskap. IBM er eit selskap som driv med teknologiutvikling så det er kanskje ikkje så overraskande. Dei er no involverte i å utvikla styremåtar for storbyar ut frå erfaringar frå Rio de Janeiro. Som Ginni Rometty, konsernsjef ved IBM, uttrykte det: Det er tid for å samla store mengder data og å endra måten avgjerder vert tekne på.9 Big Data, og nye styresett. Nyteknologi kan samla inn data, analysera den og gje retningslinjer for styring. Dr. Fareed Zakaria, journalist, forfatter og vert på IBMs Smart-RIO konferanse formulerer seg slik «byens leiarskap må tenka ideologifritt og følge 'fakta'».10
Men kva er fakta? Ein kan undra på om demokratiske ideal vert sett til sida til fordel for eit teknokratisk system styrt av store globale selskap. Kven har avgjort kva som skal målast, korleis det skal målast? Er det mogleg å måle alt, eller tilstrekkeleg? Det er sjølvsagt viktig med opplyste valg, og moglegheita for innhenting av informasjon og fortolkning av denne er mykje større og meir gjevande enn tidlegare. Men valet er framleis eit val, fridomen til det framleis noko mange er villige til å kjempe for.