Ei italiensk reise - Del 1: Nyare politisk historie: frå ein raud bastion til kristendemokratiet si høyborg

by KOTE in


Nora Bækkelund har vært i Italia. Reisen som hun betegner som en dannelsesreise har lagt igjen dype spor, så dype at dette reisebrevet kommer i tre deler. I del 1 skal tar Nora med oss gjennom Perugia, Firenze og Trentino.

Tekst: Nora G. Bækkelund (Doktorgradstipendiat ved Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling (Høgskulen på Vestlandet)

Foto: Nora G. Bækkelund

Borgo Valsuganaein, fredeleg alpelandsby 6 kilometer unna dalen der De Gàsperi (meir om han seinare) tilbragte sine sine siste år. (Foto: Nora G. Bækkelund)

Borgo Valsuganaein, fredeleg alpelandsby 6 kilometer unna dalen der De Gàsperi (meir om han seinare) tilbragte sine sine siste år. (Foto: Nora G. Bækkelund)

Sommaren er over for i år, men eg er enno ikkje heilt ferdig med sommarferien. Det vil seia, eg er ikkje ferdig å bearbeida sommarferien. Såleis har eg, og forhåpentlegvis snart også du, framleis glede av sommarens italienske danningsreise. Det høyrest sikkert svært så pompøst ut, så ei kort forklaring er på sin plass. Eg har frekventert Italia i snart sju år og har forstått Italiensk i alle fall dei fem siste åra. Med tid og stunder har eg gradvis skjønt meir av Italia og italienarar, men i år var det tid for den store danningsreisa. Saman med Fabio, som er historikar, har eg reist frå sentral-Italia til ytterpunkta i nord-aust og sør-aust. Reiseruta var Perugia – Trento – Borgo Valsugana – Bassano del Grappa – Venezia – Gorizia – Trieste – Pesaro – Lecce – Sulmona – Tivoli. På turen har eg lært om alt frå nyare politisk historie, grensefeider med nabolanda, invasjonar frå nord, sør og aust, flyktningar, store kulturelle og økonomiske skilnadar mellom regionane, og ikkje minst om kva som skjer når det kjem så mange turistar, sånn som oss. Denne fyrste delen av reisebrevet handlar mest om nyare politisk historie, og litt om å bu i grenseområde.

Perugia, 5.-8. juli

Ferien startar med ein god busstur frå Milano til Perugia. Perugia er kanskje kjend for ihuga jazzfans, men elles ukjend for dei aller fleste nordmenn. Byen er administrasjonssenter for regionen Umbria, der ein òg finn landsbyen Assisi. (Du veit, der han Frans haldt til.) Perugia ligg på toppen av ei høgde og er bygd i stein, slik ein ekte middelalderby skal vera. Ikkje for det, Perugia er mykje eldre enn middelalderen – byen vart grunnlagt av etruskarane. I sentrum finst framleis ein brønn frå år 3000 før Kristus. Den henta grunnvatn heilt opp til toppen av høgda, og var såleis ganske avansert. Er det rart at Mussolini klarte å overtyda italienarane om at dei var ein overlegen sivilisasjon? Kvar enn han snudde seg må han ha funne “bevis” på at italienarane historisk sett låg langt føre andre folkeslag. Dei mange invasjonane og alt dei brakte med seg kan ein alltids glatta litt over. Og me likar vel alle å tru at ting går framover? Med andre ord, dersom etruskarane hadde kome så langt med ingeniørkunsten 3000 år før Kristus, kor overlegne må ikkje italienerane vera i 1932?

Men dette er ikkje staden for å la seg plaga av gjengangarar frå fortida. I tillegg til å vera vakker kan Perugia by på god stemning langt ut over det normale. Om kvelden er byen full av musikk. I løpet av ein spasertur på ein kilometer eller to var me innom fem gratiskonsertar. Folk dansa i gatene, og me fekk intrykk av at dei fleste var lokale. Kanskje nettopp fordi Perugia enno ikkje har vorte ein turistmagnet er innbyggarane flinke til å nytta byen sin, og til å skapa liv og moro. Å vera ein liten by med eit relativt stort universitet er nok heller inga ulempe i så måte… Eg ser for meg at Bergen hadde vore litt meir som Perugia dersom klimaet hadde tillate det.

Søndag morgon tek me nok ein spasertur i sentrum. Som på så mang ein grå morgon i Milano går me forbi ein kar som freistar selja den politiske avisa «Lotta Communista», også her i eit av byens besteborgarlege strøk. For dei av dykk som løfter eit augnebryn ved synet av ordet “Communista” kan eg informera om at kommunistpartiet (PCE) har vore det største venstrepartiet i Italia frå 1945 til 1991, og var lenge kristendemokratane sin argaste konkurrent. Umbria og resten av sentralitalia var det raudaste området i Italia, og er det kanskje enno. PD, det arbeiderpartiaktige partiet til Matteo Renzi, fekk 24% av stemmene i årets val, mot 20% til høgrepartiet Lega Nord og 27% til 5-stjernersbevegelsen (som baserer seg på å kritisera andre heller enn å skapa ein heilskapleg politisk agenda, og på denne måten sankar stemmer både frå høgre og venstre).

Perugia: L'arco della mandorla (mandelporten) sett frå dei gamle bymurane. Foto: Nora G. Bækkelund

Perugia: L'arco della mandorla (mandelporten) sett frå dei gamle
bymurane. Foto: Nora G. Bækkelund

Firenze, 10. juli

På veg nordover, denne gongen med tog, stoppar me eit par timar i Firenze. Firenze er jo tross alt ein av dei vakraste byane i Italia, men på ein solskinsdag i juli er ikkje Firenze noko blivande stad. Sola steiker og det er uuthaldeleg varmt. Trass i temperaturen er byen oversvømd av turistar, og me må bevega oss halvparten så fort som me pleier. Eg tenkjer på korleis lokalbefolkninga kan takla dette. Det er ei mager trøyst at dei som har råd til det dreg ut på landsbygda i sommarsesongen for å unnsleppa varmen og folkemengdene, når eg samtidig veit at 20 % av leiligheitene i det historiske sentrum vert leigd ut til turistar på Airbnb heller enn til fastbuande.

Langs elva Arno på veg til Ponte Vechio møter me ein kar som vil selja oss armband. Han heiter Ibrahim, kjem frå Senegal og har vore i Italia i eit år. Me slår av ein prat og det ender med at han ikkje lenger vil selja, men heller gje oss eit armband. Det kan vera ganske slitsamt med alle gateseljarane, så det kjem neppe som ei overrasking at ein ser etter måtar å redusera talet på tiggarar og gateseljarar. Den nye regjeringa vurderer å forby almisser – altså eit slags omvend tiggarforbod der ein kan få bot for å gje pengar til tiggarar. Om det vert noko av må folk venna seg til å kvela samvitet. Eller kanskje risikoen for å få bot vert ei deilig unnskyldning for å ignorera tiggarane heilt til dei forsvinn. Men med avgjerdstempoet i italiensk politikk kan Ibrahim framleis håpa på å landa ein jobb i lærindustrien, slik han ynskjer, før ei slik lov skulle tre i kraft.

Trentino, 11.-13. juli

Under togturen frå Verona til Trento gjennomgår landskapet ein formidabel transformasjon, fyrst frå flatland til åsar, og deretter til ein dal ramma inn av stadig meir dramatiske fjell. Trentino er ein alperegion, og her er landskapet hovudattraksjonen. Likevel er byane heller ikkje så verst. Dei kan by på både venleik og ubehag, slik skikkelege byar skal. Trento har mellom anna eit vakkert historisk sentrum, eit stort universitet og ein togstasjon i rasjonalistisk stil. Togstasjonen fekk fascistane bygd for å synleggjera omtanken dei hadde for områda Italia overtok frå Austerrike ved slutten av fyrste verdskrigen.

Alpeområda Trentino og Sør-Tyrol vert ofte nemnd saman, som Trentino/Alto-Adige (Sør-Tyrol heiter Alto-Adige på italiensk). Fram til fyrste verdskrig var området del av det Austeriksk-Ungarske imperiet. I Sør-Tyrol var fleirtalet tysktalande tyrolerar, medan fleirtalet i Trentino var (og er framleis) italiensktalande. Då Austerrike for ganske presis 100 år sidan tapte desse områda til Italia må stemninga ha stått i taket i Trentino, men ikkje i Sør-Tyrol. I mellomkrigstida var det tøffe vilkår for språklege og kulturelle minoritetar. Italienarar vart oppfordra til å flytta til Sør-Tyrol. Byar som Bolzano (som for øvrig kan anbefalast) og Merano vart meir enn dobla både i folketal og utstrekning, med nye bydelar i rasjonalistisk stil. Tysktalande og ladinerar kunne ikkje få offentlege jobbar, og frå 1923 vart tyskundervisning forbode.

Etter krigen fekk Italia behalda Trentino og Sør-Tyrol, og freista då å skapa ein ny og fredeleg sameksistens mellom italienarar og tyrolerar. Tysk, italiensk og ladinsk vart likestilte som offisielle språk i området, og regionen Trentino-Alto-Adige fekk delvis sjølvstyre. Regjeringsleiar Alcide De Gàsperi, fødd i Trento under Austerrike, spelte ei sentral rolle i desse avgjerdene – og i rekonstruksjonen av Italia etter krigen. I Trentino er alt frå parkar og plassar til matrettar (særleg pizza med asparges på) oppkalla etter De Gàsperi. Han er framleis ein viktig symbolsk figur for alle kristendemokratar i Italia, og der har vore førespurnadar om å gjera han til helgen.

Løysinga Trentino-Alto-Adige fall ikkje i veldig god jord hos sør-tyrolerane. Den tysktalande befolkninga vart i mindretal i den nye regionen, og mange oppfatta den nye inndelinga som eit triks, ei form for «Gerrymandering», frå den italienske staten si side. Situasjonen vart stadig verre. I perioden 1964-1967 toppa det seg med terrorangrep mot kraftverk og annan infrastruktur. Til slutt, i 1972, vart dei to regionane separert og sør-tyrolerane fekk sitt eige sjølvstyre medan Trentino vart ein region på lik line med alle andre regionar i Italia. De Gàsperi (død i 1954) ville kanskje ha rekna dette som ein trist slutt på soga, men Sør-Tyrolerane er nok nøgde med skilsmissa, og ein skal ikkje sjå vekk i frå at majoritetsbefolkninga i Trentino òg er glade for å vera ein «heilt vanleg» del av Italia. For mykje av det som gjer grenseområde så interessante kan òg gjera livet vanskeleg for dei som bur der. I fortida var det her innanrikspolitikken møtte utanrikspolitikken. Det lærde eg meir om på neste etappe, i Bassano del Grappa.