Det blir lettare å få til god regional planlegging av bustadtilbod, lokalisering av arbeidsplassar og utbygging av kollektivtrafikken viss ein slår saman Oslo og Akershus til eitt fylke.
Tore Syvert Haga
Utdanna by- og regionalplanleggar frå UMB. Leiar av Alna SV.
Ordet region kan bety så mangt. Når ein innanfor arealplanlegging snakkar om regionar er det ofte bu-, arbeids- og sørvisregionar, det vil sei dei områda folk lever sine kvardagsliv i. I dag skjer dette i stor grad på tvers av grensa mellom Oslo og Akershus. Folk i Groruddalen køyrer til kjøpesenter i Lørenskog eller Strømmen når dei skal handla. Mange i Akershus reiser til Oslo kvar dag, på jobb. Ser ein på kor innbyggarane i Akershus jobbar er det i gjennomsnitt berre 35 % som jobbar i sin eigen heimkommune. Heile 32 % jobbar i Oslo. Ser ein på absolutte tal blir bilete det same. Det er nesten like mange i Akershus som jobbar i Oslo som jobbar i sin eigen heimkommune. Og, motsett, det er faktisk nokså mange, rundt 45 000, som bur i Oslo og jobbar i Akershus. Desse daglege reisene utgjer enorme trafikkstraumar, både i form av privatbilisme og kollektivtrafikk.
Det er ei etablert sanning at regional planlegging står svakt i Noreg. Planlegging har fyrst og fremst vore noko kommunane har dreve med. Staten, representert med Miljøverndepartementet og Fylkesmannen, har vore kontrollorganet som skulle sikra at viktige nasjonale og regionale interesse blei ivaretekne. Fylkeskommunane har hatt ei nokså svak stilling i sjølve planprosessane, med unnatak av rolla som vaktbikkje for potteskår, kokegroper og andre kulturminne.
Sterkare lovheimlar
Dei siste åra har det likevel skjedd endringar på dette området, eller det har i kvart fall skjedd ting som gjer det muleg å få til ei sterkare regional planlegging viss den politiske og administrative viljen til det er tilstades. Fylkeskommunen har fått eit større ansvar som vegeigar, ved at staten overførde ansvaret for ein del av riksvegane til fylka. Den nye Plan- og bygningsloven gjev fylka høve til å vedta – og handheva- bindande regionale planar. Viss kommunane vedtek reguleringsplanar som er i strid med desse, kan fylka fremma motsegner. Desse føresegnene er nokså nye, og i kva grad dei er tekne i bruk veit eg ikkje. Men dei finst, og kan brukast. Og om det er nokon stad i Noreg dei bør brukast, er det i Osloregionen.
Når Lørenskog kommune bygg bilbaserte kjøpesenter rett nord for grensa mot Groruddalen, med enorm parkeringskapasitet, påverkar det sjølvsagt handelsmønsteret i dalen. Det blir vanskelegare å oppretthalda lokalsentra på dei ulike t-banestasjonane når folk lett kan kjøra nordover til langt større senter. Resultatet blir eit dårlegare lokalt tenestetilbod.
I mai 2014 kom det eit forslag om å bygga ein ny ”landsby” på 5000 innbyggarar, langt inni skogen på Sørum på Romerike. Her vil utbyggaren bygga einebustadar og andre småhus. Sikkert eit løft for Sørum kommune, som hadde fått gode skatteinntekter. Men eit stort problem for regionen. Tettstaden vil bli altfor liten til å ha eit lokalt arbeidstilbod, eller eit godt kollektivtilbod. Blir dette gjennomført, vil det generera mykje biltrafikk inn til Oslo, gjennom Groruddalen.
Dei siste tiåra har utbyggingsmønsteret i Oslo lagt til rette for mindre biltrafikk, og bilbruken går stadig ned i Oslo. Utbyggingsmønsteret i Akershus genererer derimot meir biltrafikk – i stor grad inn i Oslo. Effekten av fortettinga i Oslo, med stadig fleire blokkleiligheiter nær kollektivknytepunkt, blir svakare om Akershuskommunane pøsar på med bilbaserte småhusområde.
Nyleg blei det brukt mykje pengar på å oppgradera ei t-baneline som går utover mot Kolsås i Bærum. Like ved ein av dei nye, dyre stasjonane valde så Bærum kommune å regulera inn småhus av ulike slag på store deler av området. I ei tid kor det stadig blir snakka om å bygga tett rundt kollektivtilbodet, og om å bruka nye utbyggingsareal effektiv, er det eit stort paradoks. Det kan ikkje vera sånn at Oslo skal bygga høgt og tett, medan Bærum let vera å utnytta stasjonsnære areal like godt.
Viss det fanst regionale planar, og ein vilje til å handheva dei, kunne ein lettare ha stoppa denne type tiltak. Tilsvarande ville det at det fanst eitt samla fylke for hovudstadsregionen gjort det lettare å få gjennomført positive, samfunnsbyggande prosjekt. Både Ahusbanen og Fornebubanen har det blitt snakka lenge om, men ingenting skjer. Kan det ha noko med at det for Oslo kommune er lite interessant å bygga ut bane over sine eigne grenser, medan det for Akershus ikkje er så høgt prioritet å få bygd noko som går ut av deira fylke? Med ein felles fylkeskommune har ein eit organ som kan tenka på kva som er best for heile regionen.
Del godene
Det handlar ikkje berre om å unngå at kommunar i Akerhus gjer ting som skadar Oslo. Regional planlegging må gå begge vegar, og ting Oslo gjer kan òg skada Akershus. Oslo har 79 % av alle dei såkalla kompetansearbeidsplassane[1] i regionen. Samstundes peikar studier på at etablering av kompetansearbeidsplassar er ein fordel for småbyar som prøver å legga til rette for lokal sysselsetting og skapa ein bykultur. På sikt kan det gjera at færre treng å pendla ut. Både i Ski, Ås, Lørenskog og Lillestrøm/Kjeller er det sterke ynskje om å satsa på ulike typar kompetansekrevjande klynger tilknytta allereie eksisterande verksemder. Men så lenge Oslo gjev full gass og prøver å tiltrekka seg alt, kan det bli vanskeleg å få til. Med ein regional plan kan ein lettare få til ei balansert utvikling, kor fleire av desse arbeidsplassane hamnar andre stadar. Balansen mellom bustadar og arbeidsplassar kan jamnast ut, og transportbehovet gå ned.
Nokon vil kanskje meina at kommunesamanslåing er det som skal til for å få til planlegging som er tilpassa dei bu-, arbeids- og sørvisregionane som faktisk finst. Det finst gode grunnar til å slå saman kommunar i Osloregionen. Men lite tyder på at mange av kommunane rundt Oslo har lyst til å slå seg saman med Oslo. Og det er for så vidt forståeleg, når ein seg korleis Oslo kommune behandlar sine eigne utkantar, i kvart fall dei som ikkje ligg mot vest. Om ein kommune som til dømes Lørenskog hadde gått inn i Oslo ville dei mista mykje kontroll med sitt eige lokalsamfunn, alt frå skule til byggesaker til sjukeheimar. Ved å få eit felles fylke hadde ein kanskje risikert å få litt meir aktive regionale planstyresmakter, men alle dei andre oppgåvene ville dei framleis ha styrt sjølve. Det mest sannsynlege mønsteret for kommunesamanslåing i Akershus er uansett internt i fylket, til dømes at Nedre Romerike blir ein eller to kommunar i staden for sju som i dag.
Plansamarbeidet ikkje nok
Det finst allereie ein del regionale planar og eit utstrakt samarbeid mellom Oslo kommune og Akershus fylkeskommune. Det gjeld forhandlingane rundt dei såkalla Oslopakkane om pengar til samferdsletiltak, og ikkje minst Plansamarbeidet som skal laga ein plan for samordna areal- og transportplanlegging i Oslo og Akershus. Ein har dessutan fått til eit bra samarbeid om kollektivtrafikk. Dette er vel og bra, men ikkje nok. Det finst ingen politikarar, og ingen permanente administrative styresmakter som har til oppgåve å tenka på hovudstadsregionen som éin region.
Elles er det grunn til å minna om kva ein fylkeskommune er, og kva som skil fylkeskommunen fundamentalt frå den såkalla Fylkesmannen. Fylkesmannen er jo ikkje fylket sin mann, men staten sin mann. Dei som jobbar hos Fylkesmannen er underlagt ulike departement, og skal sørga for at kommunane handhevar nasjonale lovar og retningsliner. Fylkeskommunen er derimot eit folkevald organ, styrt av Fylkestinget. Nokon fylkeskommunar fører ein blå politikk, fordi dei borgarlege partia står sterkt i desse områda. Andre fører ein raudgrøn politikk, fordi desse partia har fleirtal der. Det vil vera langt meir demokratisk om ein felles fylkeskommune fekk i oppdrag å tenka regionalt i planlegginga enn om Fylkesmannen skulle ta på seg denne oppgåva.
Oslo har aldri vore ein del av eit fylke. Ein del i Oslo er kanskje litt usikre på kva det vil sei. Fyrst og fremst er det viktig å slå fast at Oslo kommune framleis vil vera Oslo kommune. Dei vil stadig ha ein eigen ordførar, ein eigen Plan- og bygningsetat og eit eige byråd. Nesten alle dei oppgåvene kommunen i dag løyser, ville han framleis ha løyst. Så er det nokre få område som Oslo i dag styrer sjølve, som vanlegvis ligg under fylkeskommunen. Det gjeld til dømes vidaregåande skule og kulturminnevern. For desse områda må ein finna praktiske løysingar. Til dømes kan ein vedta inntakssonar på vidaregåande skule som hindrar at for mange av dei mest populære skuleplassane i Oslo sentrum blir tekne opp av karaktersterke og pendlevillige bærumsungdommar. Den største skilnaden for Oslo ved å gå inn i eit fylke er at det blir lettare å finna regionale løysingar på dei trafikk- og bustadproblema som finst i Oslo.
Akershus er eit spesielt fylke, stort sett definert ved at det ligg nært Oslo, men likevel er noko anna. Så vidt eg kan forstå finst det ingen sterk regional identitet, eg har sjeldan høyrt nokon som introduserer seg med at dei er frå Akershus. Fylket er reint fysisk delt i tre av Oslo. Dei tre hovudregionane Vestregionen (Asker og Bærum), Follo (sør før Oslo) og Romerike (nordaust for Oslo) har kvar sine regionale aviser og kvar sin politiske retning. Det ser ut til å vera ein viss rivalisering mellom regionane om ressursar og prestisje. Attpåtil ligg administrasjonen til Akershus ikkje i Akershus, men på bussterminalen i Oslo. Kanskje dei tre regionane ikkje greidde å bli einige om kor han skulle ligga, og difor valde det naturlege midtpunktet i Akershus: Oslo.
I Danmark har dei laga Region Hovudstaden, som inneheld ei rekke kommunar i og rundt Københamn. Det same har Sverige, gjennom Stockholms län. Eg ser ingen grunn til at ikkje det same burde skje i Norge. Oppretting av eit felles fylke løyser i seg sjølve ingen problem. Det trengst i tillegg både politisk og administrativt handlevilje og innsikt. Poenget er at viss handleviljen og innsikta er til stades blir det lettare å få til ting med eit felles fylke.
I desse dagar held lokalpartia i Oslo og Akershus på med å laga valprogram for perioden 2015-2019. Partia bør i samband med dette vurdera å gå inn for at Akershus og Oslo blir eitt fylke.
Fotnoter
[1] Dette er eit elendig omgrep, nesten alle arbeidsplassar krev kompetanse. Men omgrepet blir tydelegvis brukt i statistikken. Tippar ein meiner arbeidsplassar kor ein må ha minst mastergrad, men ikkje jobbar direkte med offentleg forvaltning.