Search
  • ARTIKLER
  • TEMA PÅ NETT
  • PAPIRMAGASINET
  • OM KOTE
Close
Menu
Search
Close
  • ARTIKLER
  • TEMA PÅ NETT
  • PAPIRMAGASINET
  • OM KOTE
Menu

Magasinet KOTE

February 24, 2015

Ny rektor, nye tider

by Anna Rosa Strassegger


Foto: Tin Phan

Foto: Tin Phan

Designfaget kan redda arkitektane, og faga skal samarbeide meir i framtida, skal me tru nyleg tiltredde rektor på AHO, Ole Gustavsen. Han vil ikkje aleine vera skulen sitt nye ansikt for omverda, men vil heva fram dei ulike resursane som er på skulen.  AHO må òg få ei klårare haldning til berekraft, både sosial, økonomisk og innanfor energi- og materialresursar. Elles sluttar den å vera aktuell. Skulen har eit ansvar for å engasjera seg i samfunnsspørsmål.

Anna Rosa Strassegger, student ved AHO.

 

Hausten 2014 var det rektorskifte på AHO. Etter 13 år takka Karl Otto Ellefsen av som rektor og gjekk attende til å vera professor på skulen. Han som tok over, var ikkje frå eigne rekker, men ein for skulen ukjend; Ole Gustavsen, dagleg leiar for Snøhetta i 13 år og del av dette føretaket sidan 1994. Rett nok har han arkitektutdanninga si frå AHO, men han seier sjølv han knapt har sett sine bein innanfor institusjonen sidan 80-talet.
Snøhetta er vidt kjent internasjonalt dei siste tiåra, basert på eit tverrfagleg arbeid mellom landskapsarkitektar og arkitektar. Å veta dette er likevel ikkje nok til å skjøna kven Ole Gustavsen er og kva me kan venta oss av å ha han som rektor ved Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo. Den elles travle rektoren sette av ein time rundt sitt runde bord.

–    Eg er ein ambisiøs mann som vert freista av utfordringar. Snøhetta har gjennom alle desse åra vorte ein del av min identitet. Å gå frå dette selskapet og ein jobb eg kunne ut til fingerspissane og over til høgskule og akademia – for meg nytt og ukjent –  i det låg det ei stor utfordring som eg ikkje ville la gå ifrå meg då eg vart spurd.

 

Har du nokre mål og visjonar for tida di som rektor?

–    Eg er ein av dei som har levd ut draumen om å verta ein viktig aktør innanfor dei felta Snøhetta opererer i. Den visjonen og ambisjonen er det lett å overføra til AHO – at skulen vert ein framståande aktør globalt, som utdanningsinstitusjon. Eg ser at denne skulen er stappfull av resursar, det er kjempemange flinke folk. Det er moglegheiter me ikkje aner enno.

Alt skal visst liggja til rette. Skulen er høgt rangert når det gjeld utdanningane i landskapsarkitektur og industridesign, og arkitekturutdanninga har eit godt omdømme. I tillegg er økonomien god. Det er mange som er interesserte i å ha kontakt med skulen og koma hit, seier Gustavsen. Det fyrste halvåret har han brukt på å bli kjend med kollegane sine på skulen, det han ser som skulen sine viktigaste resursar. Målet er å kunna byggja vidare på det som er, og heva det, i staden for å koma brasande inn og seia «Me skal dit!».

–    Det eg har oppdaga som det største potensialet, det som no heng lågast og er lettast å gripa tak i, er samhandling.

Innanfor skulen då?

–    Ja, innanfor skulen. Fyrst og fremst. Me må visa oss fram for kvarandre. Det er så mykje bra som skjer på denne skulen som ingen veit noko om – då meiner eg ingen andre på skulen. Eit bilete på det er AHO-works (utstillinga av studentane sine prosjekt i slutten av kvart semester, red. anm.). Då fekk eg nesten sjokk. Over natta er det akkurat som ei daud flate gjer sånn (Han bøyer seg bakover, som overvelda, med hendene opp framfor seg som ein vegg) så står der hundre tusen ting bortover. Så tre dagar etterpå (hendene puffar ned på bordflata) Ferdig! Eg synest nesten at det var litt sånn frekt. At ein set opp så mange bra ting på så kort tid. Og kven er det som får sjå det? Kven får oppleva all den energien, all den kreativiteten? Eg rakk ikkje å gå inn i det ein gong.

Han knyt trongen for samhandlinga opp mot større tendensar innanfor særleg arkitekturfaget, som har mist status og terreng i fleire europeiske land. Entreprenørar og utbyggjarar finn andre løysingar enn å nytta arkitektar. Samstundes får designarar stadig betre plass i prosessar, og får innverknad gjennom dei nye formene systemorientert design, tenestedesign og interaksjonsdesign. Denne prosessuelle designkunnskapen er svært relevant for arkitektur-, interiørarkitektur- og landskapsarkitekturprosessar.

–    Me har ein unik posisjon på skulen som me ikkje er klar over, men som eg såg hjå min førre arbeidsgjevar. Snøhetta driv med grafisk- og tenestedesign. Dei siste fem åra før eg slutta jobba eg med å etablera dette designbyrået, og der hende det at me fekk selt arkitekturtenester dyrare gjennom designbyrået enn gjennom arkitektkontoret. Det er slik eg ikkje trudde var mogleg. Då er det spanande at AHO har båe desse faga, og at ein kan sjå på samarbeid.

Korleis har skulen lagt til rette for samhandling?

–    Nær ingenting

Eg har høyrt om eit studentprosjekt ein gong.

–    Slike samarbeid på skulen skjer heilt tilfeldig, om dei skjer. Det er nok at du og eg møtest og finn ut at me vil gjera eit prosjekt saman. No vil eg køyra prosessar som gjer folk klar over kvarandre. Det handlar i stor grad om struktur. Eit døme er presentasjonen av studiofaga. Fyrst presenterer instituttet FTH (form, teori og historie), så arkitektur, så UL (urbanisme og landskap), så vert salen tømd, og dei få som er der til presentasjonen av industridesign, har ikkje vore på dei føregåande presentasjonane. Det treng ikkje vera slik.

 

Kva må til for å få til eit samarbeid? Har du nokre planar?

–    Eit grep nett no er at eg har gjort om fagleg leiarforum til ei leiargruppe. Dei fire instituttleiarane skal vera med på avgjerder om kvarandre sine institutt, og slik ta eit ansvar for skulen som heilskap. Det eg har lagt merke til, er at dei fort vert interesserte i kvarandre som personar og ser at dei er betre saman enn kvar for seg. Strukturen har gjort at kvar har fokusert på sitt institutt og interne strategiar og fokus med ein tilhøyrande kamp om resursar. Om ein skal tilsetta ein ny, skal alle dei andre òg tilsetta nye. Om me legg 250 ting i den bunken, må det vera 250 i dei andre tre bunkane òg. Det er ikkje gjeve at det er slik. De vil snart oppdaga på studieplanpresentasjonane at det ikkje kjem til å vera like lett å skjøna kva institutt faget er underlagt. Arkitekturprogrammet skal presenterast saman, i ei rekke.

Det betyr at AHO ikkje vil gå inn for meir spesialiserte studieløp, slik ein finn dei på andre skular?

–    Spesialisering vel ein sjølve. Vil ein spesialisera seg i arkitekturvern, må ein velja fag deretter. Skulen har allereie eit mykje fastare løp enn då eg gjekk her. Eg sjølvprogrammerte dei tre siste åra og hadde to semester med abstrakt akvarell.

–    Om to år skal resursane vera meir fleksible mellom institutta, slik at du som student veit korleis du skal ta kontakt på tvers av fagretningar.

Du snakkar mykje om studentane og undervisninga, men nemner ikkje forskinga. Dei ulike forskingsmiljøa til institutta er spesialiserte og orienterer seg innan dette spesialiserte fagfeltet, på tvers av institusjonar og internasjonalt. Samarbeid dei imellom vert kanskje ikkje like naturleg?

–    Det er høg aktivitet og me har miljø som er veldig sterke, særleg på FTH og ID (industridesign), med tilløp på urbanisme, landskap og arkitektur. Eg meiner det same skjer her, at resursane er alt for spreidde, og at tida no treng samhandling og styrkte nettverk, både innad og med andre institusjonar og næringsliv.

Samhandling med andre fag utanfrå er jo òg mogleg, og eit sannsynleg scenario framover. Tidlegare rektor skreiv lovande om ei samanslåing av interørarkitekturfaget på KhiO med arkitekturfaget på AHO og av designfaga på dei to skulane. Kva er tankane dine rundt ei eventuell samanslåing med Kunsthøgskulen i Oslo og Noregs musikkhøgskule?

–    Om det no er slik at KhiO, NMH og AHO frå hausten får eitt budsjett og melding om å vera éin skule, så kan prosessen bli vanskeleg. Eg trur at om me seier at me alle no skal bada saman oppi her (tek fram eit vassglas) så er det ikkje så greitt. Men eg trur om me sett dette langt nok unna (flyttar glaset ein halvmeter bortover det runde bordet) og seier at me skal bade oppi der om 5 år, og alle veit at dei skal vera oppi der, så trur eg me kan skapa ein prosess. Men dette kan skje slik (knips). Trur eg. Eg er veldig dårleg til å spå om framtida.

Ole ser på motstand mot forandring som ein vanleg menneskeleg eigenskap, men åtvarar mot å trekka seg inn i seg sjølve. Å dela miljø med andre kunstfag kan vera gjensidig fruktbart. Eit døme trekker han fram frå Kongsberg jazzfestival, der han har sete i styret i fleire år.

–    Arne Henriksen, ein fantastisk trompetist, skulle halda sin vanlege konsert og stilte opp med bandet sitt. Men. Med på scenen har han ein videokunstnar som viser videoar til musikken og ein ballettdansar som improviserer dans. Kritikarane slakta det som noko tull og tok ikkje innover seg korleis elementa forsterka kvarandre. Eg syntest jo at det var heilt utruleg, at noko slikt skjer på ei jazzscene. Musikken er fantastisk som alltid, og så kom dette i tillegg.

–    Desse tre høgskulane kan på sikt bli ein mykje meir slagkraftig institusjon, med eit mykje meir spanande, inspirerande og større miljø. Eg veit at musikk er viktig for arkitektur. Og kunst er avgjerande for arkitektur. Skulle ein sjå føre seg at kunsten ikkje skulle vera til stades i arkitektur – kva er arkitekturen då?  Dette må ein ha med heilt frå starten av.

 

Ole Gustavsen. Foto: Tin Phan

Ole Gustavsen. Foto: Tin Phan

Arkitektur er ikkje berre kunst, og då byggjeindustrien står for ein markant del av resursbruken og utsleppa i verda, er miljø og berekraft stadig viktigare spørsmål. Eg oppfattar skulen som lite framoverlent når det gjeld miljø og berekraft. Eg er overraska over at det ikkje er noko meir integrert og sjølvsagt, men framleis framstår som ei særinteresse, ein veg å gå, i staden for noko ein har med seg på vegen.

–    Her er eg nok redd for at skulen kjem til å møta veggen ganske snart. Eg er litt overraska over at berekraft, eit litt slite uttrykk, ikkje har ein heilt sentral plass i alt me gjer. Det er ikkje lenge til studentar kjem til å seia at dei ikkje vil gå på skuler som ikkje tek dette alvorleg. Og det betyr ikkje at ein underviser i berekraft og har ein masse teknologikurs, men at ein ikkje tek det ordentleg på alvor. Det er jo her, men det er ikkje gjennomgåande.

Om ein ser på diplomgjennomgangane som går føre seg no og høyrar på kritikken, så kjem det opp att noko eg ser på som ein klisjé av ein kritikk: at prosjekt som integrerer berekraft (gjerne teknologisk) får kritikk av å ha for stort fokus på det. Omtrent berre fordi studenten har det med.

–    For fem til seks år sidan byrja jobbsøkarar å stilla spørsmål til kva som var Snøhetta sitt forhold til berekraft. Om me ikkje hadde eit ordentleg svar på det, så gjekk dei til neste plass. Så her er endring: Du får ikkje dei beste folka om du ikkje tek dette på alvor.

Gjeld det skulen òg?

–    Det er veldig lett overførbart til oss. Om ikkje me har ei haldning til dette, så kjem studentar på sikt ikkje til å søka seg hit. Og heller ikkje dei flinkaste lærarane. Me kjem gradvis til å falla litt ut av det, for det kjem til å ta over og bli sentralt i alle spørsmål.

Finnest det nokre planar for endringar på skulen?

–    Førebels stiller eg berre spørsmålet: «Korleis har de tenkt å stilla dykk til det?» Berekraft gjeld alt frå det sosiale til det økonomiske og klimaet. Det dreier seg om bruk av resursar og om eit forbruk som er hinsides.

–    Eg vil at ein løfter det. Me jobbar med det på veldig mange vis. Innan urbanisme og landskapsarkitektur har heile den arktiske satsinga ein sterk resurs- og berekraft-idé i botn. Og så går det heilt ned på om me kildesorterer på skulen. Det står konteinarar utanfor heile året, der me pøser oppi alle slags greier.

Ja, det er noko av det eg har tenkt mykje på. Eg vart paff då eg starta på denne skulen og oppdaga at folk kasta bananskal i dunken for papir og papp, og at kantina ikkje har ein dunk for matrestar, slik eg kjende det frå Blindern.

–    Og det der har eg diskutert med studentrepresentantane – om å setta i gang med program for det daglege, for å ta tak i dette. Buttom-up er eit populært omgrep. Det må eigast av alle, elles kjem det ikkje til å skje.

Ole Gustavsen er oppteken av at ein må ha tolmod, sjølv om problematikken er overmogen. På Snøhetta tok det 15 år før berekraft kom inn i ryggmergen. Han vil ikkje at det skal bli eit «er du for eller imot?». Det skal ikkje overta for arven etter Sverre Fehn og Wenche Selmer, men heller ikkje vera noko ein kan velja vekk.

–    Den innadvendte kvaliteten som trass alt finnest her, er den som har gjeve skulen sitt gode omdømme. At ein kan laga slike smykke av arkitektur, som ikkje treng å ta omsyn. Det å fokusera på eit spor får studentane til å koma svært langt. Den innsikta ein får gjennom å knytta prosjektet til seg sjølv, sine kvalitetar og sin eigen styrke, og få sjølvtillit i det, er kjempeviktig, også for å løysa store samfunnsviktige spørsmål, som demografi og klima. Når ein sit ute i arbeidslivet og har ei oppgåve, er det ikkje slik. Då må ein ta alt saman innover seg. Eg er òg eit produkt av denne skulen, og på 80-talet hadde me ei rekke berekraftsprosjekt, men dei var meir politiske.

Tenker du at skulen no er avpolitisert?

–    Skulen er på veg inn i eit, om ikkje politisk engasjement, så eit samfunnsengasjement. Og det har kome mykje grunna fokus på urbanisme og landskapsurbanisme. Dei faga synleggjer mykje av utfordringane samfunnet har.

Kva rolle ser du for deg at skulen skal ha i samfunnsdebatten? Førre rektor engasjerte seg og kom ofte med utspel i media om byutvikling mm. Vil du halda fram med dette?

–    Eg har ingen ambisjonar om å vera skulen sitt einaste ansikt utad, men eg har ein sterk ambisjon om at skulen skal ha eit ansikt utad. At studentar, lærarar, instituttleiarar, og rektor, bidreg. Det er då me kan stilla spørsmål og kommentera. Det viktigaste i sentrale strøk er regjeringskvartalet. Der sit me, ikkje eg, men eks-rektor og professor i urbanisme og landskap, i juryen, og så er kurset til Erik Landalen med i konkurransen. Det fyrste store seminaret om dette parallelloppdraget skal vera her på skulen. Det er ein måte å få skulen inn i samfunnsdebatten på, og framstå med breidde.

Gustavsen stiller spørsmål ved ambisjonsnivået til regjeringa når det gjeld å visa nasjonen vår og andre nasjonar kor ærgjerrige me er på å bidra i klimakampen. Då me er eit av dei rikaste landa i verda, er det ikkje noko i vegen for at me går inn for å få til noko ekstraordinært med det nye regjeringskvartalet. Det motsette vil fort slå attende på oss – òg på AHO som skule.

–    Eg må gjera endringar etter kvart, og før eg er heilt og fullt ein del av skulen. For no har eg framleis auga utanfrå, men dei vert jo kjapt auge innafrå.

Foto: Tin Phan

Comment

  • Previous Post
    Right intentions, wrong ...
  • Next Post
    Interviewing Filippo ...

Copyright © 2012-2018, Magasinet KOTE
KOTE er et uavhengig tidsskrift om våre fysiske omgivelser.
ISSN 1893-8132 (trykk) | ISSN 1893-8140 (online) | Utgivelsessted: Oslo
Toppen av siden