Search
  • ARTIKLER
  • TEMA PÅ NETT
  • PAPIRMAGASINET
  • OM KOTE
Close
Menu
Search
Close
  • ARTIKLER
  • TEMA PÅ NETT
  • PAPIRMAGASINET
  • OM KOTE
Menu

Magasinet KOTE

September 17, 2015

Park(ing) day 2015

by KOTE in Stedsutvikling


Foto: Kari Kjosnes

Foto: Kari Kjosnes

Kjersti Børve Skjelbreid, studerer landskapsarkitektur ved NMBU.

Park(ing) day vart starta i San Fransisco av Rebar, eit kunst- og designstudio, i 2005, som «okkuperte» ein enkel parkeringsplass og transformerte den til ein park, i protest mot den store andelen av San Fransisco som vart brukt til parkering av privatbilar. Sidan har bevegelsen vokst til ein global årlig aksjon, der folk i byar over heile verda skapar midlertidige parkar og byrom på parkeringsplassar. 

Foto: Kari Kjosnes

Park(ing) day har vorte arrangert i Oslo fleire gongar tidligare, og i år arrangerer Europeisk mobilitetsuke Park(ing) day i Dronningens gate, i samarbeid med Dronningen landskap og Oslo kommune. Studentlaget til Framtiden i våre hender planlegger å gjere det samme på Grünerløkka, og det dukkar sikkert opp fleire midlertidige parkar andre stader også. I Bergen har bydelscaféen Nobel Bopel planlagt å gjenta suksessen frå i fjor – dei har til og med søkt fylkeskommunen om å få skjenkebevilning på parkeringsplassane rett utanfor caféen (og fått ja). 

Foto: Kari Kjosnes

Les meir om Park(ing) day-bevegelsen her: http://parkingday.org/about-parking-day/
Sjå bilder frå fjorårets Park(ing) day utenfor Nobel Bopel i Bergen her: http://www.karikjosnes.com/kkblog/2014/9/21/nobel-bopel

Comment

TAGS: urbanisme, Aktivisme


  • Previous Post
    Seminar: I byen uten ...
  • Next Post
    Femtiårsskiftet

Copyright © 2012-2018, Magasinet KOTE
KOTE er et uavhengig tidsskrift om våre fysiske omgivelser.
ISSN 1893-8132 (trykk) | ISSN 1893-8140 (online) | Utgivelsessted: Oslo
Toppen av siden