Illustrasjon: Ebenezer Howard, henta frå Wikimedia Commons
Den britiske liberalkonservative regjeringa skal bygga ein ny hageby, med 15 000 bustadar.
Les artikkel på BBC
Regjeringa vil, sånn eg tolkar artikkelen, laga eit eige selskap som skal gjera dette. Nyheiten ser ut til å bli teke imot med glede, og kritikken er at det er for lite og for seint. Hadde nokon i Noreg føreslått at staten skulle bygga ut ein heilt ny by for å dempa bustadprisane, utnytta infrastruktur og skaffa folk gode bustadar ville dei ha blitt kalt naive draumarar, eventuelt kommunistar.